Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Nasjonale minoritetar

I denne oppgåva skal du velje deg éin av dei nasjonale minoritetane og setje deg inn i historia og kulturen deira.
Romanifolket sitt flagg. Ein blå og en grøn halvdel med eit raudt hjul over. Grafikk.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dei fem nasjonale minoritetane i Noreg er jødar, kvener, rom, romanifolket/taterane og skogfinnar. Alle desse minoritene har ei over 100 år lang historie i Noreg og har derfor sterk tilknyting til landet, trass i ein politikk som ikkje alltid har behandla gruppene på ein god måte.

Jobb saman i grupper og vel dykk ein av dei fem nasjonale minoritetsgruppene som de skal jobbe med. Arbeidet skal leie fram til ein presentasjon. Korleis de ønsker å presentere, er opp til dykk. Det kan vere ein powerpoint, ein film, eit blogginnlegg, ein digital plakat eller ei veggavis, til dømes.

Spørsmål de bør søkje å finne svar på:

  1. Kva er den historiske bakgrunnen til den nasjonale minoriteten?
  2. Korleis har den nasjonale minoriteten vorte behandla av norske styresmakter opp gjennom historia?
  3. Kva er spesielt med kulturen til den nasjonale minoriteten?
  4. Korleis er statusen til den nasjonale minoriteten i dag? Har gruppa sin eigen merkedag eller eit forbund som jobbar for dei?
  5. Opplever den nasjonale minoriteten diskriminering?
  6. Finst det kjende personar som har opphav i den nasjonale minoriteten?
CC BY-SASkrive av Inga Berntsen Rudi.
Sist fagleg oppdatert 01.05.2020

Læringsressursar

Majoritet og minoritet i Noreg og Sápmi