Hopp til innhald

Fagstoff

Forklaringar til grammatikk til leksjon 9

Under følgjer forklaringar til grammatikk for dialogen WeChat.
Kinesiske skrifttegn. Betydning: grammatikk. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

1. ba-konstruksjonen

1. 我刚把这个APP下载到我的iPhone里。

Wǒ gāng bǎ zhè ge APP xiàzài dào wǒde iPhone li.

2. 我们是在咖啡店认识的,是田中太郎把小花介绍给我的。

Wǒmen shì zài kāfēidiàn rènshi de, shì Tiánzhōng Tàiláng bǎ Xiǎohuā jièshào gěi wǒ de.

-konstruksjonen er særeigen for kinesisk og har eit fast mønster som må lærast. Konstruksjonen kan vere litt uvan i starten, men har klare reglar og blir som regel brukt når ein vil leggje vekt på subjektet si handtering/manipulering av objektet. Visse andre element er derfor òg nødvendige. I ein -konstruksjon blir objektet flytta framfor verbet og får samtidig koverbet framfor seg. Verbet må i ein -konstruksjon òg ha eit eller anna komplement etter seg. I tilfellet under er dette eit målkomplement:

把这个APP

下载

到我的iPhone里。

gāng

bǎ zhè ge APP

xiàzài

dào wǒde iPhone li.

Eg

nettopp

BA denne appen

nedlaste

til min iPhone.

Samanlikn setningane under:

1. 我刚下载这个APP。
Eg lasta akkurat ned denne appen.
Wǒ gāng xiàzài zhè ge APP.

2. *我刚把这个APP下载。
*Wǒ gāng bǎ zhè ge APP xiàzài.

3. *我刚下载这个APP到我的iPhone里。
*Wǒ gāng xiàzài zhè ge APP dào wǒde iPhone li.

*Dei to siste setningane over er feil på kinesisk fordi i 2. er det ikkje noko komplement, og då er heller 1. den føretrekte uttrykksmåten. Setning 3. er òg noko unaturleg fordi objektet i setningar med målkomplement endar opp ein plass som ei følgje av subjektet si handling, og -konstruksjonen er logisk å bruke i setningar der objektet ikkje har evna til å forflytte seg sjølv, men nettopp gjer det via subjektet si aktive manipulering. Eksempel: 他把花瓶放在桌子上了。 Tā bǎ huāpíng fàng zài zhuōzishang le. – «Han plasserte vasen oppå bordet.»

Andre eksempel:

把书放在桌子上。 Bǎ shū fàng zài zhuōzishàng. – «Plasser boka på bordet.»
把车开到车库里。 Bǎ chē kāi dào chēkùli. – «Køyr bilen inn i garasjen.»

Delane i kursiv over er begge målkomplement. Målkomplement er frasar innleidde av zài eller dào som kjem etter hovudverbet og uttrykkjer kvar objektet endar opp som følgje av verbhandlinga. Dette skil seg frå adverbial bruk av - og -frasar, som indikerer kvar subjektet er når det utfører handlinga.

Samanlikn:

他在桌子上跳舞。 Tā zài zhuōzishàng tiàowǔ. – «Han dansa på bordet.» (Han var der allereie då han begynte å danse.)
小鸟飞到桌子上。 Xiǎo niǎo fēi dào zhuōzishàng. – «Den vesle fuglen flaug opp på bordet» (Han enda opp der då han landa.)

I den andre eksempelsetninga frå dialogen over …

是田中太郎把小花介绍给我的。 Shì Tiánzhōng Tàiláng bǎ Xiǎohuā jièshào gěi wǒ de.

... får vi svaret på kven som gjorde kva med kven: Tianzhong Tailang «tok» ( tyder eigentleg «å gripe», men i denne konstruksjonen er det grammatikalisert, dvs. det har først og fremst ein grammatisk funksjon) Xiao Hua og introduserte ho til oss. Xiao Hua, i kraft av å vere eigennamnet til ein bestemd person, har såkalla bestemt referanse. Ein annan eigenskap ved -konstruksjonen er at det framflytte objektet òg får bestemt referanse, sjølv utan determinativ (一个 yí ge,这个 zhè ge, osv.). Samanlikn: 他把钱用完了。 Tā bǎ qián yòngwán le. = «Han har brukt opp pengane.», IKKJE *«Han har brukt opp pengar.»

*他把一些钱用完了 Tā bǎ yìxiē qián yòngwán le er derfor feil fordi 一些钱 yìxiē qián tyder «nokon pengar» og har ubestemt referanse.

把-konstruksjonen blir som oftast brukt med resultative komplement og målkomplement. Minstekravet er at i alle fall le må vere til stades etter verbet, for eksempel 他们把菜都吃了! Tāmen bǎ cài dōu chī le! – «Dei har ete opp alle rettane!»

MERK: -konstruksjonen er ikkje kompatibel med eit potensielt komplement (sjå pkt. 4 under).

2. 只要 zhǐyào

微信的英文名字是WeChat,是一个很火的APP,只要有Wi-Fi或者4G就可以免费发短信、打电话、发图片、视频聊天什么的,很方便。

只要 zhǐyào tyder ordrett «skal/treng berre», men blir òg ofte brukt i ei litt overført tyding: «så lenge ...», som for eksempel her:

只要你每天学习,你的中文肯定会进步。
Zhǐyào nǐ měi tiān xuéxí, nǐde zhōngwén kěndìng huì jìnbù.
«Så lenge du studerer kvar dag, vil kinesisken din definitivt bli betre.»

Eksempelsetninga frå teksten ...
只要有Wi-Fi或者4G就可以免费发短信、打电话、发图片、视频聊天什么的,很方便。
Zhǐyào yǒu Wi-Fi huòzhě 4G jiù kěyǐ miǎnfèi fā duǎnxìn, dǎ diànhuà, fā túpiàn, shìpín liáotiān shénme de, hěn fāngbiàn.

… skal derfor forståast slik:

«Så lenge du har Wi-Fi eller 4G, kan du gratis sende meldingar, ringje, sende bilete, videochatte, osv. Det er kjempepraktisk.»

只要 skal alltid plasserast før det som er vilkåret for det som kjem etter. Fleire eksempel:

只要

你爱我

我就会爱你。

Zhǐyào

nǐ ài wǒ

wǒ jiù huì ài nǐ.

«Så lenge

du elskar meg,

kjem eg til å elske deg.»

只要

你帮我

我肯定会成功。

Zhǐyào

nǐ bāng wǒ

wǒ kěndìng huì chénggōng.

«Så lenge

du hjelper meg,

kjem eg til å lykkast.»

(I begge setningane over kan òg komme framfor 只要.)

3. zài

1. 我认识的中国人都在用微信。

Wǒ rènshi de zhōngguórén dōu zài yòng wēixìn.

I denne setninga kan ein spørje seg sjølv kvifor ein har ordet zài framfor 用微信 yòng wēixìn – «bruker WeChat». Vi kjenner zài / 正在 zhèngzài plassert framfor verb i tydinga at «verbet blir utført no / i denne augneblinken». Det blir altså brukt når ein vil uttrykkje at ei handling blir utført akkurat no / i den gitte augneblinken. Setninga over tyder eigentleg det same, men sidan den som snakkar, umogleg kan vite at alle kinesarane han kjenner, sit med WeChat akkurat i denne augneblinken, skal det her forståast litt meir abstrakt. Talaren legg til ein zài fordi han vil presisere at alle dei han kjenner no for tida (eller i desse dagar), bruker WeChat heile tida.

4. Potensielle komplement


马红,我下载好了,可是都是中文,我看不懂

Mǎ Hóng, wǒ xiàzài hǎo le, kěshì dōu shì zhōngwén, wǒ kànbudǒng!

Vi har tidlegare lært om resultative komplement, som består av eit knippe verb eller adjektiv som blir plasserte etter andre verb for å uttrykkje resultatet av den verbhandlinga. Som tidlegare forklart er komplement viktige grammatiske verktøy på kinesisk, og den understreka delen av setninga over er ein annan type komplement vi enno ikkje har møtt på, nemleg eit potensielt komplement. Denne typen har ein slik formel:

VERB + eller + RESULTATIVT KOMPLEMENT

Det viktige her er at de eller bù kjem mellom verbet og det resultative komplementet til verbet. Det er eit fast trekk ved strukturen og må ikkje blandast med tilfellet der blir plassert framfor hovudverbet som ei rein nekting av det verbet, for eksempel 不看 bú kàn – «les/ser ikkje». I ein struktur med eit potensielt komplement er det ikkje verbet som blir nekta, men resultatet av verbhandlinga. I frasen 看不懂 kànbudǒng er det ikkje lesinga som blir nekta, men evna til å forstå det ein les. Derfor kjem framfor . På same måte kan ein plassere framfor for å uttrykkje at ein er i stand til å forstå det ein les. eller blir altså brukt for å indikere om ein er eller ikkje er i stand til å oppnå resultatet det er snakk om for det gitte verbet.

Fleire eksempel:

我吃不完。 Wǒ chībuwán. – «Eg klarer ikkje å ete opp.» (Viss ein for eksempel har ete seg mett allereie.)

我听不懂。 Wǒ tīngbudǒng. – «Eg lyttar, men forstår ikkje.» (Viss ein for eksempel ikkje snakkar språket.)

5. gāng og 刚才 gāngcái

gāng og 刚才 gāngcái kan synast ganske like, men er likevel forskjellige. er eit adverb og kan berre stå rett framfor verb. Tydinga er at verbet akkurat blei utført. 刚才 er eit tidsord (som 明天 míngtiān,去年 qùnián, osv.) og refererer til tidsrommet før setninga blei ytra.

Samanlikn:

你吃饭了吗? Nǐ chīfàn le ma? – «Har du ete?»
嗯,我刚吃完饭。 Ǹg, wǒ gāng chīwán fàn. – «Ja, eg åt akkurat ferdig.»

你刚才吃饭了吗。 Nǐ gāngcái chīfàn le ma? – «Åt du i stad?»
没有,我刚才在写作业。 Méi yǒu, wǒ gāngcái zài xiě zuòyè. – «Nei, eg heldt på med lekser i stad.»

Norske uttrykk som «nettopp», «akkurat», «i stad», osv. illustrerer ikkje nødvendigvis den same distinksjonen veldig nøyaktig, men det er viktig å vere klar over at dei på kinesisk er forskjellige. Desse svara på spørsmåla under er derfor feil:

你吃饭了吗? Nǐ chīfàn le ma? – «Har du ete?»
*嗯,我刚才吃完饭。 *Ǹg, wǒ gāngcái chīwán fàn. – *«Ja, eg åt ferdig i stad.»

Her blir 刚才 rart fordi ein ønskjer å uttrykkje at handlinga nettopp er ferdig utført. Altså er fokuset på den umiddelbare tidsrelasjonen til handlinga i forhold til spørsmålet, det er ikkje ei skildring av kva som skjedde i tidsrommet før samtalen.

你刚才吃饭了吗? Nǐ gāngcái chīfàn le ma? – «Åt du i stad?»
*没有,我刚在写作业。 *Méi yǒu, wǒ gāng zài xiě zuòyè. – *«Nei, eg heldt nettopp på med lekser.»

Her blir rart fordi spørsmålet nettopp etterlyser kva som skjedde i tidsrommet rett før samtalen, og då svarer ein naturleg nok ikkje med at ein akkurat gjorde lekser, men at ein gjorde lekser i stad (i motsetnad til noko anna).

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Øystein Krogh Visted.
Sist fagleg oppdatert 18.06.2017

Læringsressursar

Leksjon 9: WeChat