Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Nedsett funksjonsevne

Korleis er det å ha ei funksjonsnedsetjing som gjer deg avhengig av tilrettelegging eller hjelp frå andre for å meistre kvardagen din? I denne oppgåva får du teste korleis det er å ha ei funksjonsnedsetjing, og prøve ut korleis du som fagarbeidar kan legge til rette slik at alle kan delta.

Ulike funksjonsnedsetjingar

  1. Sjå filmen og bruk døme til å forklare omgrepa

    1. fysisk funksjonsnedsetjing

    2. mental funksjonsnedsetjing

    3. intellektuell funksjonsnedsetjing

    4. sensorisk funksjonsnedsetjing

  2. Finn døme på og årsaker til

    1. varige funksjonsnedsetjingar

    2. forbigåande funksjonsnedsetjingar

Utforskingsoppgåve

  1. Sjekk kva hjelpemiddel som finst på praksisrommet, som de kan låne. Det kan vere rullestolar, rullatorar, krykker eller andre gåhjelpemiddel. I tillegg kan de bruke skjerf som bind for auga for å simulere nedsett syn og øyreproppar for nedsett høyrsel.

  2. Gå saman i par der den eine simulerer nedsett funksjonsevne, og den andre er fagarbeidar som skal legge til rette og rettleie. Oppsøk ulike stader, til dømes kantina på skulen, eit kjøpesenter, eit fotgjengarfelt og ein daglegvarebutikk. Byt roller undervegs slik at de får prøvd begge.

  3. Reflekter i grupper og i klassen.

  • Korleis opplevast det å ikkje kunne sjå/høyre/gå?

  • Korleis kjendest det å vere avhengig av hjelp frå andre og/eller hjelpemiddel?

  • Kva utfordringar opplevde de i rolla som følgespersonar?

  • Kva er viktig å tenke på når de som fagarbeidarar skal legge til rette for menneske med nedsett funksjonsevne?

  • Korleis var den universelle utforminga på dei ulike stadene?

  • Har de forslag til konkrete forbetringar med tanke på universell utforming?

Relatert innhald

Vetle på 16 år og fagpersonar frå skulen og helsetenesta fortel i denne filmen om kva universell utforming har å seie for integrering og deltaking.

CC BY-SASkrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 07.12.2022

Læringsressursar

Ulike føresetnader for utvikling