Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Oppbygginga og funksjonen til sirkulasjonssystemet

Læreplanen seier at du skal kunne beskrive korleis kroppen er bygd opp, og forklare korleis han fungerer. I denne oppgåva kan du lære om oppbygginga og funksjonen til sirkulasjonssystemet.

Sjå filmklippet frå NRK om hjartet, og jobb med dei følgjande oppgåvene.

Utstyr

Til denne oppgåva treng de ein stor plakatkartong (70x100 cm) og modelleire i ulike fargar, mellom anna raud og blå.

Oppgåve

  1. Lag ein modell av hjartet og krinsløpa. Lag så ein undervisingsfilm der de nyttar dette og forklarer
    • oppbygginga til hjartet
    • det store og det vesle krinsløpet
    • blodforsyninga til hjartet
  2. Filmen blir vist i klassen etterpå. Gruppene vurderer dei følgjande punkta i sin eigen film og filmane til dei andre:

    1. fagleg innhald
    2. læringsutbytte
    3. kreativitet
    4. oppgåvefordeling i gruppa
CC BY-SASkrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 02.06.2020

Læringsressursar

Sirkulasjonssystemet