Hopp til innhald

Fagstoff

Celler og vev

Kroppen er bygd opp av celler. I cellene skjer stoffskiftet - metabolismen - som er prosessar som held oss i live slik at vi blant anna kan tenkje, røre oss, sjå, høre, og som gjer at hjartet kan slå.
Nervecelle. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Celler

Celler er spesialiserte. I ein kropp er det muskelceller, nerveceller, blodceller, hudceller og mange andre celletypar. Dei ulike celletypane har ulik utsjånad og ulike funksjonar.

Ordet celle kjem av det latinske ordet cella som betyr "lite kammer". I kva for andre samanhengar blir ordet celle bruka?

Vev

Eit vev består av fleire celler av same type som gjer den same jobben. Dei fire hovudtypane av vev i kroppen er:

  • overflatevev, som dekkjer overflatene i kroppen. Huda består sjølvsagt av overflatevev, men og innsida i fordøyingssystemet er dekt av overflatevev.
  • muskelvev, som har den spesielle eigenskapen at det kan trekkje seg saman. Dei enkelte cellene i muskelvevet samordnar aktiviteten sin, og dermed kan muskelen utføre eit arbeid.
  • nervevev, som består av sanse- eller nerveceller. Desse cellene har den spesielle eigenskapen at dei oppfattar signal og sender dei vidare.
  • støttevev eller bindevev, som bind saman og vernar delane i kroppen.

Organ og organsystem

Eit organ er ein del av kroppen som har ein bestemt funksjon, til dømes hjartet eller eit øre. Eit organ kan bestå av fleire ulike typar celler og vev.

I mange samanhengar er flere organ knytte saman, og da snakkar vi om organsystem. Respirasjonssystemet og fordøyelsessystemt er døme på organsystem.

Fordøyelsessystemet. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Utfordringar til deg

  1. Søk på internett og finn ut sånn omtrent kor mange celler menneskekroppen består av.
  2. Kan du forklare omgrepa celle, vev, organ og organsystem?
CC BY-NC-SASkrive av Guri Bente Hårberg og Trine Merethe Paulsen.
Sist fagleg oppdatert 22.01.2018

Læringsressursar

Cella