Hopp til innhald

Fagstoff

Hygiene på arbeidsplassen

Når du arbeider i helse- og oppvekstsektoren, må du vere ekstra bevisst på hygiene. Det er mange menneske på arbeidsplassen din, og smitte kan spreie seg raskt.
Helsefagarbeidar som desinfiserer utstyr på skyljerommet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Smittevern

Du kjem i kontakt med materiale som inneheld smittestoff, og på mange arbeidsplassar i helse- og oppvekstektoren skal vi òg handtere mat som andre skal ete.

Du vil sjå at du treng brei kunnskap om og forståing for hygiene på fleire område, men du vil òg sjå at grunnprinsippa for hygiene er dei same.

På arbeidsplassen din finst det reglar og rutinar for korleis ein tek hand om god hygiene. Desse er gjerne skildra som prosedyrar som alle arbeidstakarane må ta omsyn til.

Døme på område det finst reglar eller rutinar for, kan vere:

Arbeidsklede

Føremålet med arbeidsklede eller uniform er å beskytte både oss sjølve og andre frå smitte. For mange yrkesgrupper i helse- og sosialsektoren erstattar arbeidskleda private klede. Ved å skifte til reint arbeidsantrekk dagleg utset vi brukaren for minst mogleg risiko for smitte frå utemiljøet og frå tidlegare arbeidsoppdrag.

Det er ulike reglar for kva arbeidsklede ein skal bruke, avhengig av kva arbeidsplass du er på, og kva funksjonar du skal ta hand om. Det er viktig å følge dei reglane som gjeld, ettersom dei har ei klar hensikt og ein klar funksjon. Dette gjeld òg dersom det er naturleg for deg å bruke hovudplagg knytt til religionen din.

Sko høyrer òg med til arbeidskleda, og skotøy kan ha betydning for spreiing av smitte. På enkelte arbeidsplassar er det krav om at det blir brukt spesielt fottøy. Arbeidskleda er òg med på å signalisere kva rolle eller posisjon vi har.

Handtering av avfall

Du må ha kunnskap om korleis arbeidsplassen din handterer avfall. Eit eige lovverk pålegg bedrifter å utarbeide reglar for avfallshandtering (internkontrollforskrifta). Som fagarbeidar må du følge desse reglane.

Det meste av avfallet som blir produsert på arbeidsplassen, er vanleg hushaldsavfall. På mange arbeidsplassar i helsevesenet vil det òg bli produsert risikoavfall. Dette er avfall som i større grad enn hushaldsavfallet ber med seg fare for smitte eller forureining av omgivnadene. Risikoavfall kan vere

  • stikkande eller skjerande avfall
  • materiale som er tilsølt med blod
  • utstyr, materiale eller tekstilar brukt på pasientar med infeksjonar
  • legemiddelrestar

Fargen gul blir brukt for å varsle om at det er smittefare, og ein kastar derfor risikoavfall i boksar eller sekker som er gule. I nokre verksemder har ein òg ulike typar spesialavfall. I dag blir det meste av avfallet i Noreg kjeldesortert, men det kan variere frå stad til stad kor detaljert ein sorterer. Det er kommunen som legg til rette for korleis dei ulike typane avfall blir behandla vidare. Avfall som ikkje blir handtert på riktig måte, kan medføre smitte, både direkte til menneske og dyr, og indirekte gjennom vass- og avløpssystemet.

Gul avfallsbehaldar fylt med fleire mindre gule boksar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Reinhald

Det kan variere kven som har ansvaret for reinhaldet på dei ulike arbeidsplassane. Anten du arbeider i proteseverkstaden, i ambulansen eller i barnehagen, er det nødvendig med godt reinhald for at brukarane og dei tilsette skal ha god helse. Godt reinhald og gode prosedyrar for dette er nødvendig for å ha ein god hygienisk standard. Nokre stader er det eigne tilsette som har ansvar for reinhaldet, andre stader er reinhald ei av oppgåvene som helse- og sosialpersonellet utfører.

Støv og smuss kan føre til spreiing av mikroorganismar. Eit fuktig og varmt klima kan òg føre til at sopp og andre mikroorganismar får gode vekstvilkår. Det er derfor viktig at alle kjenner til korleis godt og effektivt reinhald skal gå føre seg. Riktig og systematisk reingjering er viktig for både trivsel og helse på alle arbeidsplassar.

Til dagleg reinhald av golv og andre overflater som ikkje er i kontakt med organisk materiale, er det tilstrekkeleg å bruke såpe og vatn eller mikrofiberklut. Utstyr som er forureina av organisk materiale som spytt, blod, urin, avføring eller puss, må desinfiserast eller steriliserast. For at desinfeksjonen eller steriliseringa skal ha effekt, må ein først reingjere utstyret på vanleg måte for å fjerne synleg smuss.

Desinfeksjon

Desinfeksjon drep eller uskadeleggjer uønskte og særleg sjukdomsframkallande mikroorganismar. Vi bruker metoden for å bryte smittevegar. Desinfeksjon drep ikkje sporar av mikroorganismar, og for å uskadeleggjere sporar må vi derfor bruke sterilisering.

  • Varmedesinfeksjon er den beste og sikraste metoden. Utstyret vi desinfiserer, må tole minimum 85 gradar.
  • Kjemisk desinfeksjon blir brukt når ein ikkje kan bruke varme. Det finst mange ulike typar desinfeksjonsmiddel, og midla som blir brukte, må vere godkjende av Statens legemidddelverk.

Sterilisering

Sterilisering drep alle mikroorganismar, òg sporar. Sterilt utstyr blir brukt på område som er spesielt mottakelege eller utsette for smitte, til dømes ved sårbehandling.

Reint og ureint utstyr

Utstyr omfattar alle reiskapar, hjelpemiddel og tekstilar som blir brukte i arbeidet. Det vil variere frå arbeidsplass til arbeidsplass kor strenge rutinar ein har for å skilje mellom reint og ureint utstyr og korleis ein skal behandle ureint utstyr.

Generelle reglar er:

  • Hald reint og ureint utstyr frå kvarandre for å hindre at smittestoff infiserer det reine utstyret.
  • Hugs alltid å ha reine hender når du bruker reint utstyr.
  • Følg dei reinhaldsprosedyrane som er hensiktsmessige eller rettleiande for det spesielle utstyret. Det gjeld både temperatur, kjemikaliar eller andre reinhaldsmetodar.
  • La ikkje utstyr som er ureint og smussa til, ligge over tid. Reingjer skite utstyr så raskt som mogleg. Dette avgrensar faren for overføring og spreiing av smittestoff.

Handtering av tekstilar

Tekstilar på arbeidsplassen er blant anna arbeidsklede, handdukar og sengeklede, og i nokre tilfelle brukaren sine private klede. Desse tekstilane må handterast på ein slik måte at ein hindrar at smittestoff blir overførte til menneske, direkte og indirekte.

Legg aldri reine eller ureine tekstilar på golvet. Ein generell regel er at alle tekstilar skal vaskast på den høgast moglege temperaturen, og at reine og skitne tekstilar skal oppbevarast kvar for seg.

Mathygiene

I mange yrke i helse- og oppvekstsektoren skal du servere mat eller drikke til andre. Kanskje skal du òg lage eller ordne maten før han skal serverast. All handtering og behandling av mat inneber risiko for at maten blir forureina, og for at sjukdomsframkallande mikroorganismar får utvikle seg.

Handhygiene

Hendene er den største kjelda til overføring av smitte på ein arbeidsplass. Som fagarbeidar må du tenke på handhygiene heile tida.

Eit barn vaskar hendene etter eit dobesøk i barnehagen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Utfordringar til deg

  1. Dersom du arbeider i ein barnehage, kjem du i nær kontakt med barn i ulike situasjonar. Når vil du vaske hendene dine etter at du har vore i fysisk kontakt med barn? Kva for nokre oppgåver er det som inneber at du kan få overført smitte eller overfører smitte til andre i ein barnehage?
  2. På eit tannlegekontor kjem du i direkte kontakt med spytt frå pasientar. Kva type smitte inneber dette, og korleis kan du på best mogleg måte beskytte deg imot denne typen smitte?
  3. Dersom du skal arbeide i ambulansetenesta, vil du kome i situasjonar der du ikkje har tilgang på såpe og vatn. Kva er alternativet for å ha god handhygiene?
  4. Finn ut kva reglar som gjeld for arbeidsantrekk i det yrket du har valt i yrkesfagleg fordjuping. Kva er hensikta med desse reglane for akkurat denne yrkesgruppa? Tenk på både hygiene og andre årsaker.
  5. På eit apotek er det viktig med reinhaldsoppgåver som å tørke støv. Kan du tenke deg kvifor dette er ei nødvendig arbeidsoppgåve som må gjerast regelmessig?
  6. Tilsette på ein sjukeheim møter reine og ureine soner. Dette er viktig for å hindre smitte. Kva er årsaka til at dette er nødvendig?

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Trine Merethe Paulsen og Marit Smith Sørhøy.
Sist fagleg oppdatert 17.12.2023

Læringsressursar

Hygiene i arbeid med menneske