Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva type forbrukar er du?

Er du prismedviten eller impulsiv? Liker du å handle på sal, eller speler ikkje prisen noka rolle? Jobb med desse oppgåvene og sjå kva forbrukartype du kjenner deg mest att i!
To damer går forbi eit butikkvindauge med ein salsplakat. Den eine vil inn, og den andre dreg ho med vidare. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  1. Les nettartikkelen Euromonitor: Her er årets globale forbrukertrender. Kva forbrukartype av dei som er skildra i artikkelen, kjenner du deg mest att i?
  2. Set opp ei liste over tre forbrukartypar. Set den du synest beskriv deg best, som nummer 1, og så vidare.
  3. Diskuter med ein klassekamerat: Er de same forbrukartype? Kva gjer dykk eventuelt ulike? Kva er likskapane og forskjellane mellom dykk?
  4. Diskuter i klassa: Er det store forskjellar mellom dykk som forbrukartypar?
  5. Det er mykje snakk om miljø, klima og berekraft i dag. Føler de at dette påverkar dykk som forbrukarar og forbrukaråtferda dykkar? Diskuter i klassa.
CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 27.10.2022

Læringsressursar

Forbruk og påverknad på miljøet