Hopp til innhald

Fagstoff

Rolla di som førstehjelpar

På jobb kan du hamne i situasjonar der du må yte førstehjelp. Kva blir eigentleg forventa av deg i ein slik situasjon?
Ei kvinne utfører førstehjelp på ein mann. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Førstehjelp

Ulykker og sjukdom kan oppstå, og kollegaer, kundar og gjestar kan skade seg. Erfaring viser at det er meir sannsynleg at vi klarer å reagere og handle korrekt i ein skade- eller ulykkessituasjon dersom vi har tenkt over at slike situasjonar kan oppstå, og har trent på kva vi då skal gjere.

Med førstehjelp meiner vi medisinsk hjelp ved akutt skade eller sjukdom som kan givast av ikkje-medisinsk personell utan bruk av spesialutstyr.

Kva slags førstehjelpstiltak vi bør kunne, avheng av kvar vi er, og kva slags aktivitetar vi driv med. Ein breførar eller guide på topptur i fjellheimen må kunne langt meir om førstehjelp enn ein resepsjonist på eit hotell i sentrum av ein storby. I storbyen, der det er enklare for ambulansen å kome fram, kjem vi langt med grunnleggjande kompetanse innanfor livreddande førstehjelp.

Både sals- og reiselivsmedarbeidarar vil ofte vere dei første på ein skadestad, anten det er i det offentlege rom, i ein butikk, på ein restaurant eller på eit hotellrom. For å kunne opptre profesjonelt når ein skadesituasjon oppstår, må du øve. Det er til dømes viktig at du veit kvar på arbeidsplassen førstehjelpsutstyret er plassert, og korleis du kan opptre for å vere til hjelp i skadesituasjonen.

Dei første sekunda kan vere avgjerande. I akutte situasjonar, som ved eit hjarteinfarkt eller ein skade med store ytre blødingar, er det heilt avgjerande at du som kjem først til skadestaden, varslar naudetatane og set i verk livreddande førstehjelp. Du må utøve førstehjelp fram til medisinsk personell, til dømes ambulansepersonell, er på plass.

Medisinsk personell erfarer at mange har god opplæring i førstehjelp, men at for mange er redde for å gjere feil og derfor blir passive. Gjer noko! Den største feilen er å ikkje gjere noko.

Ambulanse i høg fart. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

For å få hjelp frå medisinsk personell i Noreg må vi ringje naudnummeret 113. Dei som svarer, vil hjelpe deg over telefonen inntil profesjonelle kjem til skadestaden. Din innsats på skadestaden kan vere avgjerande.

Utrykkingstida varierer avhengig av stad og kapasitet.

Tenk over

Kva trur du er forventa utrykkingstid til Oslo sentralstasjon?
Kva trur du er forventa utrykkingstid til Preikestolen?

Førebygging

På jobb bør du tenkje på kva du kan gjere i det daglege for å førebyggje ulykker på arbeidsplassen. Dette er ein viktig del av -arbeidet. Til dømes må du ikkje setje frå deg esker med varer på stader der kundar eller kollegaer kan snuble i dei.

Som sals- eller reiselivsmedarbeidar er det sjeldan du får inngåande kunnskap om helsetilstanden til kundar eller gjestar. Men spesielt i reiselivsnæringa er det nokre gonger openberre sider ved helsetilstanden til gjestane som gir oss eit ekstra ansvar.

Dersom ein gjest ønskjer å gjennomføre ein aktivitet, men vi observerer at gjesten har openberre helseutfordringar som kan føre til problem under denne aktiviteten, har vi eit ansvar for å rå gjesten til ikkje å delta – på ein diskré og ordentleg måte. Då kan det vere godt å kunne vise til interne reglar.

Dei fleste som arbeider med RIB-turar, rår til dømes personar med rygg- og nakkeskadar mot å delta på slike turar. Før gjestane får vere med på ein RIB-tur, må dei gjerne signere ei helseerklæring som arrangøren har med. Dette er noko RIB-tur-arrangørar gjer for å redusere risikoen for at nokon skal skade seg, og for at dei ikkje skal kunne bli saksøkte etterpå dersom nokon likevel skader seg.

Det er viktig å varsle gjestar om moglege uønskte hendingar som kan oppstå under ulike aktivitetar. Prøv òg å førebyggje slike hendingar med ulike tiltak om det er naudsynt.

Ein RIB på veg utover ein fjord i høg fart. Personane om bord har vernebriller og solide, signalgule jakker. Dei held seg fast i eit tau langs rekkja Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Pål-André Hansen og Elisabeth Thoresen Olseng. Rettshavar: NKI Forlaget
Sist fagleg oppdatert 18.08.2021

Læringsressursar

Sikkerheit