Hopp til innhald

Eigenvurdering

Eigenvurdering for emnet filmspråk og filmproduksjon

Har du fått med deg det viktigaste om filmspråk og filmproduksjon? Gjer ei eigenvurdering!
Ein mann i dress og ei kvinne i kjole rekker begge ut ei hand og smiler til kamera. Svart-kvitt foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Har du forstått?

Kan du seie deg einig i påstandane under, har du god oversikt over emnet filmspråk og filmproduksjon.

  • Eg kjenner kortfilmsjangeren.

  • Eg kan bruke Greimas' aktantmodell og Hollywood-modellen i arbeid med dramaturgi

  • Eg kjenner igjen dramaturgiske grep som planting, hausting og varslar.

  • Eg kan forklare forteljeperspektiv i film og kan skilje mellom perseptuell og konseptuell synsvinkel.

  • Eg forstår karakterutvikling og korleis eg kan skape interessante karakterar.

  • Eg kjenner til omgrep som doksal, paradoksal og leiemotiv innanfor filmmusikk.

  • Eg er medviten det visuelle arbeidet med ein film, og kva som kjenneteiknar ein auteur.

  • Eg kan drive ein filmprosess frå start til slutt med god bransjefagleg standard.

  • Eg kan samarbeide med andre i ein filmproduksjon og reflektere over prosessen undervegs og i etterkant.

Kan du omgrepa?

CC BY-SASkrive av Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 29.04.2022

Læringsressursar

Filmspråk og filmproduksjon