Hopp til innhald

Fagstoff

Å samanlikne tekstar

Når du får i oppgåve å samanlikne to tekstar, tyder det at du skal finne likskapar og forskjellar mellom dei to tekstane.
To sirkler med tekst tekst A og tekst B som overlapper hverandre litt . Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sjå etter likskapar og forskjellar

Forsøk først å finne likskapane: Kva har dei to tekstane til felles?

  • Har dei felles tema?
  • Bruker dei same type verkemiddel?
  • Har dei same sjanger?
  • Er dei frå same tidsepoke?
  • Har forfattarane ein felles bodskap?

Deretter merkar du deg viktige forskjellar:

  • Behandlar tekstane temaet på ulik måte, og i tilfelle korleis?
  • Bruker den eine forfattaren heilt andre verkemiddel enn det den andre gjer, og i tilfelle kva for nokre?
  • Tilhøyrer tekstane to forskjellige sjangrar, og kva er i tilfelle forskjellen mellom dei?
  • Er det stor avstand i tid mellom tekstane, og korleis kjem det til syne?
  • Dersom bodskapen i tekstane er forskjellig, kva går denne forskjellen ut på?

Samanlikningsmetodar

Når du skal skrive ein samanliknande analyse, er det to måtar du kan strukturere teksten din på. Vel éin av metodane.

Først A, så B

  1. Innleiing som presenterer motiv og tema for begge tekstane og det viktigaste dei har til felles
  2. Kort presentasjon av verkemidla du har funne i tekst A, og korleis desse verkemidla byggjer opp under temaet
  3. Kort presentasjon av verkemidla du har funne i tekst B, og korleis desse verkemidla byggjer opp under temaet
  4. Ein lengre samanlikningsdel der du tek for deg eksempel frå tekst A og samanliknar dei med eksempla frå tekst B (Del denne opp i fleire avsnitt og fokuser på det som er likt eller nesten likt.)
  5. Konklusjon

Punktvis samanlikning

  1. Innleiing som presenterer motiv og tema for begge tekstane og det viktigaste dei har til felles
  2. Ei beskriving av eit element som tekstane har til felles, med eksempel frå begge, og kva for betydning dette har for korleis vi oppfattar teksten
  3. Ei beskriving av eit nytt element som tekstane har til felles, med eksempel frå begge, og kva for betydning dette har for korleis vi oppfattar teksten
    (Legg gjerne til fleire likskapstrekk, men ikkje for mange.)
  4. Ei beskriving av korleis tekstane står i kontrast til kvarandre, med eksempel frå begge, og kva for betydning dette har for korleis vi oppfattar teksten
  5. Konklusjon

Den punktvise metoden kan kanskje verke vanskelegare. Men viss du øver deg, skal du sjå det går greiare enn du trur! Metoden sikrar at du har eit samanliknande perspektiv gjennom heile teksten din, og at oppgåvesvaret då kan verke meir avansert.

CC BY-SASkrive av Katja Blixrud Frost .
Sist fagleg oppdatert 25.08.2017

Læringsressursar

Tekstanalyse av medieuttrykk