Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Likestillingskamp på TikTok

Kan det å vere synleg i sosiale medium vere ein måte å endre fordommane til folk på?
Jente med mobiletelefon tek bilete av tre gutar som poserer saman. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

15 % av oss har ei eller anna funksjonsnedsetjing, men dette er ei gruppe som ikkje er synlege i sosiale medium, eller elles i media.

  • Diskuter: Kvifor trur du menneske med funksjonsnedsetjing er underrepresenterte i sosiale medium?

  • Kva grupper meiner de er overrepresenterte på dei same plattformene?

  • Les artikkelen i NRK om Morten Marius Skau som lagar Tiktok-videoar frå kvardagen sin:

    NRK: Morten kødder med funksjonshemning på TikTok: – Det er lov å le!

  • Trekk ut tre poeng frå artikkelen som du la godt merke til, og diskuter dei med ein medelev.
  • Diskuter denne påstanden frå leiar i Noregs Handikapforbund Unge, Marianne Knudsen:

– Humor er også en måte å føre likestillingskamper på. Det kan ufarliggjøre det man ser på som ukjent og annerledes.

  • Gå saman i grupper og lag eit forslag til ein strategi for mangfald og humor i sosiale medium, som svarer på desse spørsmåla:

    Kva er det greitt å le av? Kva er det ikkje greitt å le av? Kven har lov til å tulle om ting? Kva for grupper treng vi å sjå meir av? Korleis kan dei bli meir synlege?

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 27.04.2021

Læringsressursar

Medium og kommunikasjon