Hopp til innhald

Fagstoff

Forklaringar til vokabular i leksjon 5

Under følgjer forklaringar til vokabular frå dialogen «Hobbyar».
Kinesiske teikn på blå bakgrunn. Betydning: vokabular. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

1. 爱好 àihào

Merk at teiknet hǎo i ordet «hobby» blir uttalt hào og ikkje betyr «bra; god», men er eit verb som betyr «å like». Det er ikkje uvanleg at det same kinesiske teiknet kan uttalast på meir enn éin måte, og då får det som regel òg ei anna betydning. Samanlikning:

hǎo – «bra; god»

hào – «å like»

Merk at hào er eit gammaldags ord som ikkje kan brukast åleine på moderne kinesisk. I dag bruker ein heller 喜欢 xǐhuan, og hào finst stort sett berre som ein bestanddel i ord og faste uttrykk.

2.

Tidlegare har vi lært at er eit påpeikande pronomen med betydninga «den». kan òg fungere som ein setningsinnleiar og har då betydninga «i så fall; då». Han uttrykkjer at med utgangspunkt i det som vart sagt i førre setning, følgjer ein logisk konsekvens eller eit forslag. Døme:

  1. 我不喜欢看中国电影。
    Wǒ bù xǐhuan kàn Zhōngguó diànyǐng.
    «Eg liker ikkje å sjå kinesiske filmar.»
    ÅRSAK/BAKGRUNN

  2. 那我们看美国电影。
    Nà wǒmen kàn Měiguó diànyǐng.
    «Då ser vi (heller) ein amerikansk film.»
    KONSEKVENS/FORSLAG

3. 不好意思 bù hǎo yìsi

Bù hǎo yìsi er eit særeige kinesisk uttrykk som kan vere litt uvant å tolke ut frå teikna det består av, og det bør i første omgang lærast som ei eining. Det blir brukt når ein er pinleg berørt av noko eller vil uttrykkje ei mild unnskyldning. Uttrykket 很有意思 hěn yǒu yìsi – «interessant; morosamt» – frå leksjon 4 har derimot ei heilt anna betydning og må ikkje forvekslast med 不好意思 bùhǎoyìsi – «unnskyld; flau».

CC BY-SASkrive av Øystein Krogh Visted.
Sist fagleg oppdatert 06.03.2017

Læringsressursar

Leksjon 5: Hobbyar