Hopp til innhald

Fagstoff

Alderdom og verdigheit

Alle menneske har ein ibuande verdi uavhengig av alder, kjønn, etnisitet, livssyn, seksuell legning og sosial status. Korleis sikrar vi verdigheita til dei svakaste eldre i den siste delen av livet?

Utfordringar til deg

  1. Kva legg du i omgrepet verdigheit?

  2. Kvifor er det viktig å vareta verdigheita til alle menneske?

  3. Korleis kan du som helsefagarbeidar sikre verdigheita til brukarar av helse- og omsorgstenester?

Relatert innhald

Heilskapleg omsorg og sjukepleie i den siste livsfasen handlar om å ta vare på behova til pasienten sjølv og til dei pårørande til den som snart skal døy.

CC BY-SASkrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 02.03.2023

Læringsressursar

Eldre og helse