I femte episode er koret på Chat Noir for generalprøve ei veke før konserten. Programleiar Ingrid Gjessing Linhave møter òg forskarar ved Akershus Universitetssjukehus som jobbar for å finne ein behandlingsmetode for Alzheimers sjukdom.
Utfordringar til deg
Korleis trur du det er å vere pårørande når demenssjukdommen gradvis endrar personlegdommen til den som er ramma?
Kva trur du Christian meiner når han beskriv demenssjukdommen som eit viskelêr?
Korleis kan helse- og omsorgstenester bli betre tilpassa for menneske med demens og dei pårørande? Diskuter med ein medelev og i klassen.
Relatert innhald
Nettside hos homesidestudy.eu
Nettside hos med.uio.no
CC BY-SASkrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 25.02.2024