Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Barn og kreft – Kule kidz gråter ikke

Ein dag oppdagar legane kreft hos Anja, og livet hennar blir snudd opp ned. Her finn du filmen Kule kidz gråter ikke og oppgåver til denne.

Kule kidz gråter ikke

Filmen tek opp eit vanskeleg tema, kreft. Anja er ei livfull jente som spelar fotball. Ho går i sjuande klasse. Det er ikkje så lett å vere jente og spele fotball når Jonas, bølla i klassen, hevdar at jenter ikkje kan bli flinke i fotball.

Ein dag oppdagar legane kreft hos Anja, og livet hennar blir snudd opp ned. Det er vanskeleg å halde på med dei same tinga saman med familie og vener, og å delta på same måten på skulen og på fotballen når helsa sviktar. Anja er ei tøff jente og tenker positivt. Ei forelsking får Anja til å takle sjukdomen på ein god måte.

Oppgåve 1

  1. Det er mange ulike typar kreft. Nemn 3 ulike typar diagnosar, og skriv om desse.
  2. Anja fekk krefttypen AML (akutt myelogen leukemi).

    • Kva slags type kreft er dette?
    • Gjer greie for dei mest vanlege symptoma på denne typen kreft.
    • Beskriv behandlingsutviklinga for denne kreftsjukdomen.

Oppgåve 2

  1. I filmen forklarer Doktor Bart kva kreft er.

    • Bruk dine eigne ord, og lag ei forklaring til barn på kva kreft er.

    • Barn blir pårørande til føresette med kreft. Eller dei kan oppleve at nære vener har fått kreft. Forklar korleis du ville kommunisert med barn om kreft. Grunngi svaret ditt.

  2. Kreftpasientar mistar ofte håret under behandlinga. Forklar kvifor det skjer.

Oppgåve 3

  1. Gjer greie for andre biverknader ved behandling av kreft.
  2. Kva betyr det at ein kreftpasient har fått spreiing og tilbakefall?
  3. Forklar kva vi meiner med "pakkeforløp" til kreftpasientar.
  4. Drøft kva profesjonell yrkesutøving er i møte med menneske med kreft.
CC BY-SASkrive av Hege Nikolaisen.
Sist fagleg oppdatert 22.10.2018

Læringsressursar

Kreft