Alle former for slag mot hovudet kan gi hovudskadar som hjerneristing, bløding på innsida av skallen eller brot i skallen. Det er òg fare for at personen får nakkeskade. Det kan vere vanskeleg å skilje alvorlege og mindre alvorlege skadar frå kvarandre. Be derfor om hjelp.
Teikn på hovudskade
- Bløding frå hovudbotnen eller skade som gjer at du ser inn i skallen.
- Blodtilblanda eller gul væske som renn ut frå øyre eller nase.
- Forvirring, irritabilitet eller medvitsløyse. Følg i så fall med på kor lenge vedkomande er medvitslaus.
- Personen hugsar ikkje kva som har skjedd.
- Hovudverk og brekkingar/oppkast.
- Krampar.
- Ustødig gonge eller klarer ikkje å løfte fot eller arm som vanleg.
Førstehjelpstiltak ved hovudskade
- Ring 113, her vil du få rettleiing og hjelp.
- Legg personen ned, prøv å heve hovudet og skuldrene noko.
- Rør nakken minst mogleg, då denne òg kan vere skadd.
- Følg med på at personen pustar.
- Viss personen sluttar å puste, start hjarte- og lungeredning.
- Viss personen blør, stans blødinga.
- Følg med på om medvitet til personen blir endra.
Relatert innhald
Kjelder
Hodeskade, alvorlig. (2018). I T. Johannessen (red.), Norsk Helseinformatikk. Henta 15. desember 2019 frå https://nhi.no/forstehjelp/hode-og-rygg/hodeskade-alvorlig/
Inndeling av hodeskader og tiltak. (2018). I I. Johansen og J. Blinkenberg (red.), Legevakthåndboken (6. utgåve). Henta 15. desember 2019 frå https://www.lvh.no/skader/hode-_nakke-_og_ryggskader/hodeskader/inndeling_av_hodeskader_og_tiltak#inndeling_av_hodeskadar
CC BY-SASkrive av Ellen Marie Myhre Dahl og Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 06.01.2020