Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Deutsch unplugged 5

PC-fri sone! Her er nokre forslag til aktivitetar der elevane får brukt både kropp og snakketøy. I tillegg repeterer dei tyske ord og uttrykk. God fornøyelse!
Person held ei skjøteledning. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Mimelek

Å etterlikne og gjette

Denne aktiviteten passar etter at ein har jobba med kommunikasjonsemna i leksjon 5. (= kvardagsaktivitetar frå morgon til kveld).

  1. Elevane blir delte inn i to grupper.
  2. Kvar gruppe får ti lappar og skriv (på tysk) namna på ti ulike daglege gjeremål, eitt gjeremål per lapp. Lappane blir så bretta saman.
  3. Ein elev i gruppe A trekker ein lapp frå gruppe B og mimar aktiviteten som står på lappen.
  4. Dei andre elevane i gruppe A gjettar no på tysk: "Du isst zu Mittag!", "Liest du?", og så vidare.
  5. Klarer gruppe A å gjette rett aktivitet innan maks. 40 sekunder, får gruppa lappen og dermed eitt poeng. Lappen er då ikkje lenger med i spelet. Klarer ikkje gruppe A å finne rett svar innan tida er ute, er det gruppe B som får lappen og poenget.
  6. Deretter er det ein elev frå gruppe B som trekker ein av lappane til gruppe A og mimar for gruppa si, osv.
  7. Leiken held fram til alle lappane er brukte opp. Kva for ei gruppe klarer flest poeng?

Spasertur i klasserommet

Å spørje om vanar og daglege gjeremål

Denne aktiviteten passar etter at ein har jobba med kommunikasjonsemna i leksjon 5 .
(= kvardagsaktivitetar frå morgon til kveld).

  1. Elevane får sjå desse spørsmåla på lerret eller tavle:

    • Wann musst du morgens aufstehen?
    • Bist du ein Morgenmensch oder ein Abendmensch?
    • Isst du immer Frühstück?
    • Liest du morgens die Zeitung?
    • Was musst du heute noch machen?
    • Was machst du abends?
  2. Læraren set på passande musikk.
  3. Alle elevane går gjennom klasserommet medan musikken speler.
  4. Når læraren stoppar musikken, finn kvar elev ein samtalepartner i nærleiken.
  5. Så intervjuar elevane kvarandre ved å stille kvarandre spørsmåla som står på tavla / på lerretet.
  6. Elevane held samtalen i gang fram til lærar set i gang musikken på ny.
  7. Ved neste musikk-stopp finn alle ein ny samtalepartnar.

Øvinga kan sjølvsagt gjerast med andre spørsmål/samtaleemne!

Was machst du da?

Mime og snakke

Som ei førebuing til denne leiken kan ein i fellesskap lage eit tankekart over ulike kvardagsaktivitetar og hobbyar på tavla.

  1. Elevene står saman to og to.
  2. A mimar ein aktivitet (lèt til dømes som om ho joggar).
  3. B spør: "Was machst du da?"
  4. A må seie noko anna enn det ho faktisk gjer, til dømes: "Ich frühstücke"
  5. No er det B sin tur. B mimar no det A nettopp har sagt (et frukost).
  6. A spør: "Was machst du da?"
  7. B seier også noko anna enn det han faktisk gjer, til dømes: "Ich mache Hausaufgaben."
  8. A mimar at ho gjer lekser, og så vidare. Etter ei stund byter elevane partnar.

Dette er multitasking! Å gjere éin ting samstundes som ein seier noko anna, er vanskeleg og krev konsentrasjon. Oppgåva blir lettare dersom elevane kan kikke på tavla for inspirasjon medan leiken pågår, men det er viktig at dei anstrenger seg for å ha mest mogleg augekontakt med kvarandre.

På rekke og rad

Ta vekk litt og litt tekst – til slutt snakkar elevane heilt fritt!

Denne øvingsrekka er fin til repetisjon og terping av ordforråd. Inspirasjonskjelde: tysklærar Doris K. Etnan, Greveskogen videregående skole.

  1. Lærar viser fram eit samtaleskjema på skjermen, med spørsmål og svar som passar i ulike enkle kvardagssituasjonar (helse, fortelje om seg sjølv, hobbyar, familie, husdyr, skule, fritid osv.).
  2. Samtaleskjemaet har tre kolonnar: I første kolonne står emna elevane skal samtale om, i andre kolonne står spørsmåla dei skal stille kvarandre og i tredje kolonne står hjelpesetningar som dei tar utgangspunkt i når dei svarer kvarandre.
  3. Elevane stiller seg opp i to rekker overfor kvarandre, og slik at alle kan sjå samtaleskjemaet på skjermen. (I store klassar må ein vurdere å fordele elevane på fire rekker.)
  4. Elevane som står rett overfor kvarandre, snakkar saman i par. Når læraren signaliserer at det er tid for å byte samtalepartnar, flyttar elevane i den eine rekka seg eit skritt til høgre og gjer øvinga med ein annan partnar.
  5. Etter to-tre rundar fjernar læraren hjelpesetningane, slik at elevane berre ser emneord og spørsmål. Etter to-tre nye rundar blir også spørsmåla fjerna, slik at elevane berre ser emneorda. Elevane snakkar no fritt, berre ved hjelp av emneorda.
  6. Alle elevane har eit ansvar for å halde samtalen i gang. Stoppar nokon opp, skal partnaren hjelpe til slik at samtalen kjem i gang igjen. Går eit par tomme for idear, småpratar dei vidare på tysk om det som fell dei inn.

Forslag til skjema (klar til bruk)

Klikk på pilene nedst til høgre, slik at du får fullskjerm-visning av presentasjonen. Då er det berre å sette i gang!

CC BY-SASkrive av Anna Maria Holvik, Julia Kleven og Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 10.10.2022

Læringsressursar

Zum Weiterüben