Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Risikovurdering for ein klassetur

I denne oppgåva skal de planleggje ein klassetur slik at det blir ein hyggjeleg og trygg tur for alle. Kva risikovurderingar må de gjere i forkant? Korleis kan de best forhindre uønskte hendingar?
Menneske på tur. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det beste er om denne oppgåva blir knytt til ein faktisk tur for klassa. Alternativt kan de ta utgangspunkt i caset nedanfor.

Forslag til case

Klassa skal ta ein dagstur ved eit badevatn i nærområdet dykkar. De skal grille og kanskje bade. Nokon føreslår at de kan ta med hengjekøyer og SUP-brett frå den lokale BUA for å prøve i trygge omgivnader.

De bør tenkje gjennom kva de treng av sikringsutstyr, kva som kan gjennomførast, og kva som er praktisk mogleg. Kva faktorar bør de sjå på for å vurdere sikkerheit på turen?

Jo fleire scenario klassa har tenkt gjennom på førehand, jo betre førebudde blir de til å takle uønskte hendingar.

1. Tenk gjennom

Kva for nokre uønskte hendingar kan skje undervegs eller på sjølve plassen?

Korleis kan vi løyse det dersom nokon av dei situasjonane oppstår?

Kva slags sikringsutstyr er lurt å ha med? Til dømes førstehjelpsskrin, flytevestar eller andre ting?

Døme

Døme 1

Det er meldt strålande sol og null nedbør.

  • Kan vi vere heilt sikre på at det ikkje byrjar å regne?

  • Kva gjer vi om det likevel byrjar å regne?


Døme 2

Vi har med lærarar med livredningskurs, og dei fleste i klassa er habile symjarar.

  • Kan vi vere heilt sikre på at det ikkje skjer ei ulykke?

  • Kva gjer vi om det likevel skjer ei ulykke?

To hender legg eit kvitt plaster på bar hud. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

2. Set opp ei enkel risikovurdering

Bruk malen nedanfor for å setje opp ei risikovurdering for klasseturen.

Risikovurdering for klassetur
Uønskt hending (beskriv)Sannsyn 1–3Konsekvens 1–3 Risiko (S x K = risikotal)

Tiltak (utstyr eller anna)

3. Skriv eit notat

I notatet gjer de greie for risikovurderinga de har gjort, og for kva tiltak de føreslår. Inkluder ei pakkeliste med naudsynt sikkerheitsutstyr.

Ein person stuper ut i eit fjellvatn. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

4. Evaluering

Denne oppgåva skal de gjere etter at de har gjennomført klasseturen. Oppgåva er derfor ikkje relevant om de brukte caset.

  1. Hende nokon av dei uønskte hendingane som de tok med i risikoanalysen? Beskriv i så fall hendinga, og korleis tiltaka de sette i verk, fungerte.

  2. Hende det nokon uønskte hendingar som de ikkje hadde teke med i risikoanalysen? Beskriv og reflekter i så fall over kva tiltak de kunne ha sett inn om de hadde tenkt på dette i forkant.

  3. Fekk de bruk for noko av utstyret de hadde med? Var det noko utstyr de sakna, som de ville ha teke med om de skulle ha planlagt på nytt?

CC BY-SASkrive av Anki Olsen.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2022

Læringsressursar

Risikoanalyse