Hopp til innhald

Fagstoff

Brannteori

Branntrekanten viser kva element som må vere til stades for at det skal oppstå ein brann. For å sløkkje ein brann må minst eitt av elementa i branntrekanten fjernast.
En trekant som viser de tre forutsetningene for brann: Oksygen, varme og brennbart materiale. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Desse tre elementa må vere til stades for at det skal oppstå ein brann:

  • brennbart materiale
  • tilstrekkeleg varme
  • nok tilgang på oksygen

Brannforløp

Eit hus i full brann. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eit brannforløp kan delast inn i tre fasar:

  • brannutvikling

  • fullt utvikla brann

  • avkjøling

Ei grafisk framstilling av eit brannforløp, som begynner med antenning, brannutvikling og overtenning, som fører til ein fullt utvikla brann, og til slutt kjem avkjølingsfasen.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ved temperaturar på cirka 600 °C tek dei brennbare gassane i eit brannrom fyr, og vi får det som blir kalla overtenning. Illustrasjonen ovanfor viser eit vanleg brannforløp med overtenning og moglege brannforløp utan overtenning.

Ein brann startar med ei påtenning, ofte som følgje av feil på eit elektrisk anlegg. Kor lang tid det tek før brannen får overtenning og blir ein fullt utvikla brann, er avhengig av tilgangen på brennbart materiale og oksygen. Ofte varer brannutviklingsfasen i 5–10 minutt.

Hugs å tenkje på eigen tryggleik og tryggleiken til andre, og sørg for at de kjem dykk i tryggleik i god tid før brannen eventuelt blir overtent. Fullt utvikla brann er er ein jobb for brannvesenet.

Det er i starten av brannutviklingsfasen vi sjølve kan prøve å sløkkje brannen. I den relaterte artikkelen kan du lese meir om korleis du kan sløkkje små brannar.

Statistikk frå Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB)

Nedanfor ser du ei oversikt over korleis brannhendingar har fordelt seg på ulike næringar i ein fireårsperiode. Vi ser at industribygningar har hatt flest brannhendingar, men også forretningsbygg og kontorbygningar kjem høgt opp på lista.

Brannhendelser i bygg fordelt på næring. Diagram.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tenk over

Kva trur du er vanlege brannårsaker i bedrifter?

Relatert innhald

På arbeidsplassar finst det ulike sløkkjemiddel. Det er viktig at du har god kunnskap om kva sløkkjemiddel som er eigna til ulike typar brannar.

Kjelder

Brannstatistikk, Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB)

CC BY-SASkrive av Tone Hadler-Olsen.
Sist fagleg oppdatert 04.02.2022

Læringsressursar

Brannteori og brannøving