Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Ta ansvar for ein skadestad

Vi har alle plikt til å hjelpe i nødssituasjonar. Likevel er dei færraste av oss førebudde om vi er på ein skadestad. Korleis jobbar dei profesjonelle som rykkjer ut til ulike skadestader? Kva trur du er lurt å øve på? Sjå filmen og diskuter korleis vi bør ta ansvar på ein skadestad.

Oppgåve

Om du kjem til ein skadestad først, må du få oversikt over situasjonen, sikre skadestaden og tilkalle nødetatar. Innsatsleiaren i filmen fortel at både profesjonelle og privatpersonar kan få sterke sanseinntrykk på ein skadestad. Det er derfor viktig å vere førebudd.

Diskuter desse punkta:

  • Kva seier innsatsleiaren om korleis dei førebur seg til å møte ein skadestad?

  • Kva seier innsatsleiaren om sikring og handtering av ein skadestad?

  • Er det store forskjellar på korleis ein profesjonell og ein privatperson skal handtere ein skadestad?

  • Kven bør ta leiinga ved ein skadestad? Kva oppgåver bør denne leiaren ha?

  • List opp kva punkt innsatsleiaren seier at vi skal gjere først og sist ved ein skadestad.

  • Korleis ville du lagt opp ei øving i skadestadshandtering? Kva ville du lagt vekt på?

  • Tenk over kva innsatsleiaren seier om å gjennomarbeide hendingar og sanseinntrykk. Dei profesjonelle har dette som fast rutine. Korleis meiner du privatpersonar bør gjennomarbeide sanseinntrykk?

Tips til læraren

Oppgåva eignar seg både som ei skriftleg individuell oppgåve og som ei munnleg diskusjonsoppgåve i par.

CC BY-SASkrive av Anki Olsen.
Sist fagleg oppdatert 02.12.2021

Læringsressursar

Førstehjelp og skadestadsleiing