Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Planlegg ein nettstad om mopedførarlappen

I denne oppgåva skal du planleggje ein nettstad med informasjon til unge som skal ta mopedførarlappen, og foreldra deira.
Person på moped. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Planlegg ein nettstad om mopedførarlappen

Utgangspunktet for oppgåva er dette oppdraget frå kommunikasjonssjef Arne Eithun ved region vest i Statens vegvesen:

Eg ønskjer ein eigen nettstad for ungdom om mopedførarlappen. Krav til leveransen:

  • Nettstaden skal vere enkel å navigere på.
  • Det skal vere enkelt å finne fram til informasjon.
  • Tekstane skal vere lette å lese.
  • Bileta skal vere informative og passe til innhaldet i teksten.
  • Målgruppa og brukarane av nettstaden er ungdom i alderen 14–16 år som ønskjer å ta mopedførarlappen, og foreldra til ungdom som ønskjer å ta lappen.
  • Nettstaden skal gi informasjon om korleis ein skaffar seg mopedførarlappen.

Her er noko innhald du kan bruke som utgangspunkt: Ung.no om mopedlappen.

Arne Eithun ønskjer levering av

  1. strukturkart
  2. skisser over fordelinga av innhaldet på nettsidene
  3. eit par døme på korleis du ser for deg at ulike brukarar vil navigere på nettstaden (brukarbane)
CC BY-SASkrive av Albertine Aaberge .
Sist fagleg oppdatert 01.07.2020

Læringsressursar

Introduksjon til HTML og CSS