Hopp til innhald

Fagstoff

HMS for banemontøren

Banemontøren jobbar på sporet der toget går. Dette stiller store krav til sikkerheita for å unngå å bli påkøyrt av toget. Det er også helserisiko ved uforsiktig kontakt med impregnerte sviller og master, straumleidningar til toget, oljesøl frå toget og kjemikaliar for å fjerne vegetasjon.
Banemontør med verneutstyr og arbeidsklede heilsveisar jernbaneskjener. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sikkerheit

Banemontøren jobbar med sikkerheitskritiske komponentar. Feil på infrastrukturen kan få katastrofale følgjer ikkje berre for tilsette, men også for passasjerar, gods og samfunn. Banemontøren er utdanna til å byggje jernbane for tog som køyrer i 240 km/t. Då er det svært viktig å vere ansvarsbevisst og vise respekt for teknisk regelverk. Arbeidsplassen er som ein byggjeplass med mykje maskinelt utstyr, som store gravemaskiner og små maskiner som vinkelslipar og sveiseapparat. Det er også tunge gjenstandar som jernbaneskjener og sviller. Desse utgjer stor klemfare og er krevjande å handtere. Personleg verneutstyr som hjelm, vernebriller, vernesko og hørselvern er sjølvsagde i arbeidet. Det er også gode arbeidsklede for bruk i all slags vêr.

Hovudsikkerheitsvakt (HSV)

Hovudsikkerheitsvakta er den einaste personen som kan disponere sporet for arbeid. HSV sikrar at det ikkje kjem tog eller vogner inn på anleggsområdet.

Leiar el-sikkerheit (LFS)

Leiar for el-sikkerheit er den einaste personen som kan ta fråkopling av høgspenningsanlegget (køyreleidningen) der denne er utbygd ved jernbana. Det er då mogleg å utføre arbeid på anlegget eller i høgda.

Omsorgsplikt

Utover dei konkrete oppgåvene til banemontøren, har alle ei generell omsorgsplikt. Dette medfører at alle skal sjå/lytte/lukte etter teikn til feil. Feila skal om mogleg utbetrast straks eller varslast.

CC BY-SASkrive av Berit Bårdstu og Kjell Brørs.
Sist fagleg oppdatert 08.01.2019

Læringsressursar

Banemontøren