Kven er eigentleg ansvarlege i arbeid som har fleire ulike fasar og kanskje varer over lengre tid? Kan erfaringsoverføring bidra til å unngå ulykker i framtida? Denne videoen viser ein arbeidssituasjon med tungt løft, der verken prosedyrar eller riktig utstyr blir brukt.
Refleksjon:
- Kva prosedyrar må følgjast før arbeidet blir starta?
- Kva er ei «jobbpakke»?
- Kven er ansvarlege for at jobben blir utført sikkert?
- Kva tyder "direkte årsak" og "bakanforliggande årsak"?
- Korleis kan erfaringsoverføring brukast for å unngå slike situasjonar?
CC BY-SASkrive av Sissel Paaske og Samarbeid for Sikkerhet. Rettshavar: Cerpus AS
Sist fagleg oppdatert 29.06.2018