Korleis er praksisplassen organisert?
I praksisperioden skal du gjere deg kjend med bedrifta du jobbar i, og nytte teori frå skulen i praksis. Desse oppgåvene vil hjelpe deg med å sjå samanhengar mellom teori og praksis.
![Ein ung gut som jobbar som reservedelsekspeditør, sit ved ein datamaskin og bestiller delar. Foto.](https://api.ndla.no/image-api/raw/aHRoHvTq.jpg?width=1024)
Det er ikkje sikkert at alle spørsmåla passar for alle bedrifter. Tilpass sjølv temaa og spørsmåla slik at dei blir relevante for praksisplassen din.
Oppgåve 1
Presenter praksisplassen din.
Dette bør du ha med:
- namnet til bedrifta, logo, visjon og eventuelle slagord
- kva bransje bedrifta høyrer til, og kva som kjenneteiknar denne bransjen
- selskapsforma til bedrifta (franchise, kjede, sjølvstendig, offentleg, privat)
- litt om historia til bedrifta
- kor mange tilsette det er i bedrifta, og eventuelt samla tal tilsette dersom det er ei kjede eller liknande
- kven som er den næraste leiaren din, og kva rolle han eller ho har i bedrifta
- kva den daglege drifta består av på praksisplassen din
- kva som er arbeidsoppgåvene dine no og i tida som kjem
- kva leverandørar bedrifta har
Oppgåve 2
Kva arbeidsoppgåver blir utførte i bedrifta?
- Lag eit organisasjonskart over eller ei beskriving av arbeidsfordelinga i bedrifta.
- Beskriv dei ulike rollene i bedrifta og kva den enkelte har ansvar for.
Tips
Bruk ressursane i emnet Organisasjonskart og arbeidsfordeling.
Du kan lage eit organisasjonskart i Word eller Power Point.
CC BY-SASkrive av Tove Knutsen.
Sist fagleg oppdatert 14.04.2020