Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Øvingar i bruk av lyd på film

Vel ein filmscene utan lyd og øv deg på å lydlegge filmen.
Gut som sit på ein stol i eit rom med betongveggar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

1. Ulike lydtypar

Les artikkelen "Lyd i filmproduksjon" og sjå videoane om korleis ein jobbar med dialog, kontentum, musikk og effektlyd i film.

2. Øving i dialog

Lag ein dialog mellom to personar som diskuterer ein matrett. Relasjonen mellom dei to personane skal komme fram i kroppshaldning og tonefall.

  • Skriv ein kort dialogscene.

  • Film dialogen med ein mobiltelefon.

  • Klipp saman ei skisse av dialogscenen.

  • Vis arbeidet til medelevar og diskuter skissene med utgangspunkt i følgande sitat frå fagartikkelen:

    "Kvifor er karakterane der dei er, kva gjer dei, og kvifor snakkar dei saman? Kva relasjon har dei, og kva kjensler har dei for kvarandre? Dialogen må oppfattast som naturleg. Hugs å bruke eit presist, munnleg språk og kutt ut alle unødvendige ord i arbeid med manuset."

3. Sjå gjennom tre filmscenar

Nedanfor ligg det tre filmscenar utan lyd. Sjå gjennom scenane og last ned den du vil jobbe vidare med.

4. Gjer lydopptak og finn lyd

Du skal skape ei filmoppleving gjennom eit lydarbeid. Du skal bruke kontentum, musikk og lydeffektar for å skape truverd, skape kjensler hos publikum og gi filmscenen rytme.

Lydspora er ein viktig del av den dramaturgiske opplevinga av filmscenen. Kva kjensler skal du vekke hos sjåarane dine, er det skrekk, idyll eller kanskje sorg?

  • Planlegg kva stemning du vil ha for scenen, og korleis han skal drivast framover.

  • Gjer eigne lydopptak for kontentum og effektar.

  • Du kan òg finne lydeffektar på nettet.

  • Bruk musikk som passar.

  • Vis arbeidet til medelevar. Diskuter bruk av kontentum, musikk og lydeffektar og kva desse har å seie for filmopplevinga.

Relatert innhald

Lyden speler ei avgjerande rolle for filmopplevinga. Her er tips til korleis du planlegg og tek opp dialog, miljølyd, musikk og effektlyd (kontentum).

CC BY-SASkrive av Albertine Aaberge og Christina Svien.
Sist fagleg oppdatert 08.04.2024

Læringsressursar

Innføring i filmproduksjon