Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

ABC-metoden

Det finst mange måtar å jobbe fram idear på. ABC-metoden er ei enkel øving som kan hjelpe deg til å kome på flest mogleg idear.
Person med mange idear som strøymer ut av hovudet. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Gode rammer

Når fleire jobbar med idéutvikling saman, er det ikkje uvanleg at éin person blir beden om å vere leiar, eller lós, for prosessen. Oppgåva til lósen er å passe på tida og sørgje for at stemninga er god, og at idéutviklinga blir dokumentert. Trygge, avslappa og leikne rammer for prosessen gjer at fleire tør å kome med ideane sine.

Idémyldring etter ABC-metoden

Linjert ark der alfabetet er skrive loddrett med éin bokstav per linje. Fleire av linjene er fylte ut med ord som begynner på den aktuelle bokstaven. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  1. Skriv temaet for idéutviklinga eller eit spørsmålsteikn øvst på eit ark.
  2. Skriv alfabetet på linjer nedover arket.
  3. Set på ei klokke som ringjer etter så og så mange minutt, til dømes etter femten minutt.
  4. Skriv ord du kjem på, eller eit spørsmål, ved sida av kvar bokstav i alfabetet.
  5. Lósen kan kome med forslag om til dømes å fokusere på verb dei første fem minutta, substantiv dei neste fem minutta og til slutt adjektiv.
  6. Plukk ut, eller få nokon til å plukke ut, eit utval ord som du jobbar vidare med.
CC BY-SASkrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 29.05.2020

Læringsressursar

Teknikkar for idéutvikling