Hopp til innhald

Fagstoff

CASE: Erstatning for kopiert logo

I 2013 kom det opp ei sak i Fredrikstad tingrett som viser korleis åndsverkloven kan bli tolka i samband med grafisk design.
Å stjele en annen sin idé. Skyggen av en mann ser over skulderen på en som jobber på en PC. Foto
Opne bilete i eit nytt vindauge

Les om ein designar som gjekk til retten for å få erstatning etter at nokon hadde kopiert logoane hennar. Du lærer kvifor akkurat denne designaren vann fram med saka si, men også at det ikkje alltid er like lett å få erstatning for kopiert arbeid.

Retten krev nemleg at logoen må kunne reknast som eit «åndsverk», det vil seie at han er eit resultat av skapande innsats.

Logokopiar i tingretten

I 2013 kom det opp ei sak i Fredrikstad tingrett som viser korleis åndsverkloven kan bli tolka i samband med grafisk design.

Ei bedrift hadde fått laga to logoar av ein designar, som dei ikkje ønska å bruke og ikkje hadde betalt for. Desse to logoane selde bedrifta vidare og tente pengar på. Designaren av logoane oppdaga då at nokon andre enn dei ho hadde laga forslaget for, brukte ein kopi av dei to logoane.

Ho meinte det var heilt uakseptabelt at oppdragsgivarane hennar først hadde avslått forslaga dei hadde fått, og deretter selt dei vidare utan tillating frå ho. Ho gjekk derfor til sak, og kravde at dei som brukte desse logoane måtte betale ho for arbeidet.

Grafill: Dom om opphavsrett til logo

Når er eit verk eit «åndsverk»?

Før retten kunne ta stilling til om ho kunne få medhald i kravet om erstatning, måtte han slå fast om logoane kunne reknast som åndsverk. Om logoane ikkje er åndsverk, er dei heller ikkje beskytta av åndsverkloven, og designaren ville ikkje fått erstatning. For at eit verk skal vere eit «åndsverk», må dei ha noko som blir kalla «verkshøgde».

Eit verk har verkshøgde og kan reknast som eit åndsverk dersom det er «et resultat av en tilstrekkelig mengde original og skapende innsats». Retten måtte finne ut om logoane hadde verkshøgde før dei kunne gi designaren erstatning.

Balansering på line med store, svarte vektskåler. Illustrasjon.

Designaren kunne heldigvis dokumentere at ho hadde laga skisser både på papir og i Illustrator, og at ho hadde jobba med dei to logoane over tid.

Retten meinte då at ho hadde vist at ho hadde lagt ned så mykje arbeid i logoane at dei hadde verkshøgde. Derfor kunne dei reknast som åndsverk, og dei var beskytta av åndsverkloven.

Kva er beste og verste utfall i ei slik sak?

Viss designaren ikkje hadde greidd å overtyde retten om at ho hadde lagt ned tilstrekkeleg original og skapande innsats i logoane, hadde ho ikkje nådd fram med kravet sitt.

Om ho hadde tapt rettssaka, måtte ho i verste fall ha dekt både sine eigne og motparten sine utgifter til advokathjelp. Det kunne ha blitt veldig dyrt for designaren.

Det beste utfallet i ei slik sak, er at saka kan bli betrakta som «prinsipiell». Det vil seie at ho er viktig for å skape rettspraksis, og gir dermed meir føreseiing for korleis du kan rekne med at retten vil døme i framtidige liknande tilfelle.

Om saka er ei slik prinsipiell sak, slepp ofte saksøkar å betale kostnadar. Det er likevel greitt å vite at ikkje alle saker er ei slik sak, og at ein ikkje er garantert det utfallet sjølv.

CC BY-SASkrive av Andreas Søndervik.
Sist fagleg oppdatert 21.05.2019

Læringsressursar

Opphavsrett