Har du fått med deg APUS, etos, logos og patos?
Kva har du forstått?
Dersom du kan svare ja på alle spørsmåla nedanfor, har du god kjennskap til fagstoffet i dette emnet.
Eg forstår at det er nyttig å vurdere og analysere eigne og andre sine medieuttrykk.
- Eg bruker fagomgrep for å analysere og vurdere medieuttrykk.
- Eg kjenner til verktøy for å analysere og vurdere film, journalistikk og reklame.
- Eg har blitt meir klar over samanhengen mellom innhald, uttrykk og kommunikasjon.
Eg har fått meir trening i å tenkje kritisk om og reflektere over ulike medieuttrykk.
Eg kan forklare ulike dramaturgiske modellar, som APUS-modellen og Hollywood-modellen.
- Eg veit kva retorikk er.
- Eg kan forklare dei tre retoriske appellformene: etos, logos og patos.
Eg kan forklare og gi døme på korleis ulike medieuttrykk bruker etos, logos og patos i kommunikasjon.
Sentrale omgrep i emnet
analyse
APUS-modellen
argumentasjon
bodskap
dramaturgi
etos
Hollywood-modellen
kommunikasjon
logos
medieuttrykk
målgruppe
patos
retorikk
sjanger
tolking
vurdering
CC BY-SASkrive av Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 03.06.2022