Eit symbol er eit visuelt teikn som vi har lært tydinga av. Symbol formidlar ofte ei abstrakt meining.
Gjennom heile kyrkjehistoria har kyrkjerommet vore fullt av bilete: altertavler, veggmåleri, glasmåleri og ikonar. Bileta formidlar den religiøse bodskapen på ein sterk og klar måte inn i si eiga samtid.
Biletet ovanfor er henta frå ei kyrkje i Argentina, landet som har eit lidenskapleg forhold til fotball. Det er neppe vanskeleg å kjenne att og forstå dei visuelle teikna som er brukte i dette biletet.
I kyrkjemåleriet er det brukt mange symbol. Før du svarer på spørmåla nedanfor kan det vere lurt å studere desse nettsidene:
Oppgåve
Jobb deretter to og to med desse spørsmåla:
- Kva tyding har ankeret i kristen symbolikk?
- Kva forbind du med flagget?
- Kvifor er flagget lenka fast til ankeret?
- Kva for assosiasjonar får du når du ser måten Kristus-figuren er framstilt på?
- Kvifor har Kristus-figuren raud kappe?
- Kva for assosiasjonar får du når du ser måten Kristus-figuren og ankeret er plasserte på i biletet?
- Mannen til høgre står med løfta hand. Kva er han eit symbol på, og kvifor held han handa på den måten?
- Gutane på biletet har ulik farge på draktene. Kva er desse draktene symbol på?
- Kva fortel bakgrunnen i biletet?
- Kva fortel dette biletet om tilhøvet mellom fotball og religion i Argentina?
Relatert innhald
CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 15.05.2018