Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Analyse av Bawke

Med kortfilmen Bawke treng regissør Hisham Zaman berre 15 minutt for å sette lys på eit svært vanskeleg tema som engasjerer mange.

Flukt på film

Bawke er ein sterk film om ein far og son si harde flukt på leit etter eit betre liv i Noreg. På norsk jord er dei heldigvis langt unna fysiske bomber og kuleregn, men den mentale kampen for å overleve har berre så vidt begynt.

Vi får eit sterkt innblikk i korleis ei flukt kan opplevast, ikkje minst kva for vanskelege val ein kan bli nøydd til å ta når ein har flykta frå alt ein eig og har.

Analyseoppgåver

  1. Kva handlar filmen om?
  2. Bawke tyder «far» på kurdisk. Kvifor har filmen fått denne tittelen?
  3. Korleis blir verkemiddel som musikk, lyd, klipp og symbol brukte i filmen?
  4. Gi ei skildring av karakterane i filmen.
  5. Kvifor er fotballkortet så viktig for guten?
  6. Kva er vendepunktet i filmen?
  7. Kvifor vel faren til guten å handle som han gjer?
  8. Kva kunne ha skjedd om han hadde valt annleis?
  9. Korleis blir Noreg framstilt i filmen?
  10. Utspeler filmen seg innanfor realistiske rammer?
  11. På kva måte er filmen aktuell i dag?
CC BY-SASkrive av Anne Cathrine Andersson og Mairi Macdonald. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 21.06.2019

Læringsressursar

Historieforteljing