Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Modellæring, spegling og perspektivtaking i praksis

Som barne- og ungdomsarbeidar er det viktig at du tenkjer gjennom ulike situasjonar du kjem opp i i løpet av ein dag i praksis. Her er nokre situasjonar og oppgåver du kan tenkje gjennom på førehand og reflektere over saman med andre.
Fire ungdommar ligg på ei grønn plen med hovuda mot kvarandre. Alle held opp kvar sin mobiltelefon og tek ein selfie mens dei smiler. Foto.

I kvardagen som barne- og ungdomsarbeidar oppstår det mange situasjonar som krev ein reaksjon frå deg. Vi kan ikkje alltid vite kva som kjem til å skje, men vi må vere klar over det følgjande:

Alle som er til stades i situasjonen, får nokre tankar og kjensler rundt det som skjer. Det du vel å gjere der og då, har betyding for korleis barn og unge opplever seg sjølv, korleis dei andre opplever dei, og korleis dei andre og barn/unge opplever deg.

Oppgåver

  1. Du jobbar som barne- og ungdomsarbeidar på SFO. Under måltidet byrjar Sara på sju år å kaste mat rundt seg. Nokre av dei andre barna byrjar å le.
    1. Korleis kan du verke som ein god rollemodell?
    2. Kva vil du gjere, og kvifor vil du gjere det på den måten?
  2. Du jobbar som barne- og ungdomsarbeidar på ein ungdomsklubb. Ein kveld kjem Alica på 13 år stormande inn og seier at Ali og Hans på 13 år har slått ho på baken. Ein av dei andre klubbdeltakarane seier at ho legg opp til det sjølv.

    1. Korleis kan du vere ein god rollemodell i denne situasjonen?
    2. Kva vil du gjere, og kvifor vil du gjere det på den måten?
  3. Du jobbar som barne- og ungdomsarbeidar i ein barnehage. Ein dag seier Knut, som er fire år, at han ikkje vil ha på seg ytterkleda når de skal gå ut. Det er seinhaust, og det har vorte kaldt ute. Dei andre barna byrjar å ta etter Knut og seier at dei heller ikkje vil ha på seg ytterklede.
    1. Korleis kan du vere ein god rollemodell i denne situasjonen?
    2. Kva vil du gjere, og kvifor vil du gjere det på den måten?
  4. Kva er modellæring?
  5. Kva går speglingsteorien ut på?
  6. Kva handlar perspektivtaking om?
  7. Set dykk saman i grupper, og vel ein av situasjonen i oppgåve 1, 2 eller 3. Diskuter ulike løysingsforslag, og lag rollespel der de viser korleis de kunne løyst situasjonane.
  8. I praksis har du truleg opplevd nokre situasjonar som har vore utfordrande og krevjande når det gjeld å vere ein god rollemodell. Diskuter desse situasjonane i grupper.
CC BY-NCSkrive av Riborg Anna Ringereide.
Sist fagleg oppdatert 16.10.2020

Læringsressursar

Profesjonalitet som barne- og ungdomsarbeidar