Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Varierte kalkyleoppgåver

Her kan du sjekke kva du har lært om kalkylar og prising. Vel sjølv om du vil bruke rekneark eller ikkje.
Utskrift frå ei reknemaskin. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Lengst nede på sida kan du laste ned eit rekneark med utrekningane til dei fleste oppgåvene.

Oppgåve 1

Ei sportsforretning selde 500 par fotballsko. Det gav ei samla inntekt på 35 000 kroner. Kva var gjennomsnittsprisen for skoa?

Løysing

Gjennomsnittsprisen blir:  35 000 kroner500=70 kroner

Oppgåve 2

Vi skal rekne ut salsprisen for eit produkt med meirverdiavgift når inntakskosten er 50 kroner, dei indirekte kostnadene er 60 prosent, meirverdiavgifta er 25 prosent og fortenesta er 40 prosent.

a) Kva slags priskalkyle bruker vi her?

Løysing

Sidan vi har opplysningar om kostnader og forteneste, er det sjølvkostmetoden som er aktuell å bruke.

b) Rekn ut salsprisen med meirverdiavgift.

Fasit

Salsprisen med meirverdiavgift er 140 kroner.

Oppgåve 3

Vi skal rekne ut salspris med meirverdiavgift på eit produkt når inntakskosten er 120 kroner, avansen er 120 prosent og meirverdiavgifta er 25 prosent.

a) Kva slags priskalkyle bruker vi her?

Løysing

Her har vi fått opplyst kostnader og avanse, så då bruker vi avansemetoden.

b) Rekn ut salsprisen med meirverdiavgift.

Fasit

Salsprisen med meirverdiavgift er 330 kroner.

Oppgåve 4

Inntakskosten for ei vare i ein butikk er 126 kroner. Butikken har etter lang tid funne ut at eit påslagstal på 2,2 på alle varer gir nok forteneste til at butikken «går rundt».

a) Kva blir salsprisen med meirverdiavgift på denne vara?

Løysing

Salsprisen med meirverdiavgift blir

126 kroner·2,2=277,20 kroner

b) Ei anna vare i butikken kostar 440 kroner. Kva er inntakskosten for denne vara?

Løysing

Her gjer vi motsett og deler på påslagstalet. Inntakskosten blir

440 kroner2,2=200 kroner

Oppgåve 5

Vi skal rekne ut salsprisen med meirverdiavgift for eit produkt når dei variable kostnadene er 40 kroner og dekningsbidraget per eining er 90 kroner. Meirverdiavgifta er 25 prosent.

a) Kva slags priskalkyle skal vi bruke her?

Løysing

Vi har fått opplyst variable kostnader og dekningsbidrag. Då bruker vi bidragsmetoden (framlengs).

b) Rekn ut salsprisen med meirverdiavgift.

Fasit

Salsprisen med meirverdiavgift er 162,50 kroner.

Oppgåve 6

Ei bedrift har rekna ut at dei totale variable kostnadene for eit produkt var 25 000 kroner. Bedrifta selde 5 000 einingar, og dekningsbidraget per eining var 10 kroner. Vi skal finne utsalsprisen utan meirverdiavgift for éi eining.

a) Kva type priskalkyle skal vi bruke her?

Løysing

Vi har fått opplyst variable kostnader og dekningsbidrag. Då bruker vi bidragsmetoden.

b) Rekn ut salsprisen utan meirverdiavgift.

Fasit

Salsprisen utan meirverdiavgift er 15 kroner.

Oppgåve 7

a) Utsalsprisen for ei vare utan meirverdiavgift er 250 kroner, og dei variable kostnadene per eining er 150 kroner. Rekn ut dekningsbidraget per eining.

Fasit

Her bruker vi bidragsmetoden og får at dekningsbidraget blir differansen mellom utsalsprisen utan meirverdiavgift og dei variable kostnadene, som er lik 100 kroner.

b) Kva er dekningsgraden her?

Tips

Hugs at dekningsgrad er kor mange prosent dekningsbidraget er av salsprisen utan meirverdiavgift.

Fasit

Dekningsgraden er 40 prosent.

Oppgåve 8

Ei verksemd har eit overskot på 50 000 kroner. Dei faste kostnadene er 20 000 kroner. Talet på selde einingar er 3 000. Rekn ut salsprisen utan meirverdiavgift når dei variable kostnadene per eining er 15 kroner.

Tips

Hugs at overskot er det som blir att av dekningsbidraget når dei faste kostnadene til verksemda er trekte frå. Vi skal derfor bruke bidragsmetoden.

Fasit

Salsprisen utan meirverdiavgift er 30 kroner.

Oppgåve 9

Vi skal finne salspris med meirverdiavgift per stykk ut frå dette grunnlaget: Innkjøpspris per stykk er 200 kroner, frakt per stykk er 10 kroner, indirekte kostnader er 65 prosent av inntakskost, forteneste er 45 prosent, og meirverdiavgift er 25 prosent.

a) Kva slags priskalkyle bruker vi her?

Løysing

Sidan vi har fått opplyst forteneste og indirekte kostnader, er det sjølvkostmetoden vi skal bruke her.

b) Finn salsprisen med meirverdiavgift per stykk.

Fasit

Utsalsprisen blir 628,03 kroner.

Oppgåve 10

a) Leikebutikk AS kjøper inn eit parti bamsar. Inntakskosten for partiet er 50 kroner per bamse. Avansen er sett til 120 prosent. Meirverdiavgifta er 25 prosent. Kva må kunden betale for ein bamse?

Fasit

Salsprisen med meirverdiavgift blir 137,50 kroner.

b) Butikken «brenn inne» med 50 bamsar og må redusere prisen med 45 prosent for å få selt dei. Kva blir den nye prisen på ein bamse?

Fasit

Reknearket seier at den nye salsprisen blir 75,63 kroner. Dersom butikken marknadsfører bamsane med 45 prosent rabatt, vil prisen bli akkurat 75,63 kroner når rabatten blir trekt frå i kassa. Alternativt kan butikken velje å setje prisen for ein bamse til 75 kroner og reklamere med denne tilbodsprisen i staden for rabatten på 45 prosent.

Oppgåve 11

Dei variable kostnadene for ei vare ei verksemd handlar med, er 75 kroner. Verksemda har valt å selje vara vidare for 99 kroner (utan meirverdiavgift) av pristaktiske grunnar. Dei ønskjer òg at dekningsgraden på alle varer skal vere minimum 28 prosent.

a) Rekn ut dekningsbidraget.

Fasit

Dekningsbidraget er på 24 kroner.

b) Rekn ut dekningsgraden. Når verksemda målet sitt med denne prissetjinga?

Fasit og kommentar

Dekningsgraden er 24,2 prosent. Denne vara oppfyller derfor ikkje målet om minst 28 prosent dekningsgrad, men det kan likevel vere taktisk lurt å halde prisen under 100 kroner.

c) Kva måtte salsprisen utan meirverdiavgift ha vore om dekningsgraden skulle vore 28 prosent? Ville du ha satsa på denne prisen eller halde på 99 kroner som pris?

Tips

Dersom dekningsgraden er 28 prosent, kor mange prosent vil dei variable kostnadene vere?

Fasit og kommentar

Med 28 prosent dekningsgrad må salsprisen utan meirverdiavgift vere 104,17 kroner. Det er ein prisskilnad på litt over 5 kroner, og då kan det vere verdt å halde på 99 kroner som salspris.

Oppgåve 12

Dei variable kostnadene for ei vare i ein butikk er 60 kroner. Butikken bruker konkurransebasert prissetjing og har valt å selje vara for 99 kroner (inkludert 25 prosent meirverdiavgift). Dei ønskjer òg at dekningsgraden på alle varer skal vere minimum 28 prosent.

a) Rekn ut dekningsbidraget.

Tips

Hugs å finne salsprisen utan meirverdiavgift først.

Fasit

Dekningsbidraget er på 19,20 kroner.

b) Rekn ut dekningsgraden. Når butikken målet sitt med denne prissetjinga?

Fasit og kommentar

Dekningsgraden er 24,2 prosent. Denne vara oppfyller derfor ikkje målet om minst 28 prosent dekningsgrad, men det kan likevel vere taktisk lurt å halde prisen under 100 kroner.

c) Kva måtte salsprisen utan meirverdiavgift ha vore om dekningsgraden skulle vore 28 prosent? Ville du ha satsa på denne prisen eller halde på 99 kroner som pris?

Fasit og kommentar

Med 28 prosent dekningsgrad må salsprisen utan meirverdiavgift vere 104,17 kroner. Det er ein prisskilnad på litt over 5 kroner, og då kan det vere verdt å halde på 99 kroner som salspris.

Oppgåve 13

Ein butikk sel ei vare for 150 kroner inkludert 25 prosent meirverdiavgift. Butikken bruker ein avanse på 30 prosent på alle varene.

Rekn ut inntakskosten for denne vara.

Tips

Her kan det vere lurt å rekne med vekstfaktor.

Fasit

Inntakskost er 92,31 kroner.

Oppgåve 14

Ein butikk sel ei vare for 150 kroner inkludert 25 prosent meirverdiavgift. Butikken reknar ut at dei indirekte kostnadene for alle varer er 15 prosent. Dei bruker å ta 20 prosent forteneste på alle varene.

Rekn ut inntakskosten for denne vara.

Fasit

Inntakskost er 86,96 kroner.

Filer

CC BY-NC-SASkrive av Steinar Madsen og Bjarne Skurdal.
Sist fagleg oppdatert 28.01.2020

Læringsressursar

Priskalkulering og anbod