Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Finn spireprosenten i korn

Skal vi få eit godt resultat, er vi avhengige av godt såkorn med høg spireprosent – og lite ugras. I dette forsøket lærer du å finna fram til kor stor del av kornet vi sår, som spirer.
Hender fulle av såkorn. Foto
Opne bilete i eit nytt vindauge

Du treng:

  • ei stor potte eller eit kar med jord
  • sand
  • gjennomsiktig plast
  • såkorn

Dokumentasjon

Når vi gjennomfører eit forsøk, kan vi dokumentera det vi gjer.
Då gjer vi greie for kva vi gjorde, og kva vi fann ut.
Ta gjerne bilete som kan brukast i dokumentasjonen.

Du kan bruke dokumentasjonsverktøyet for å kome i gang.

Bileta kan du setja inn til slutt.

Framgangsmåte:

  1. Fyll jord i potta så ho er trekvart full. Fukt jorda godt. Press jorda passeleg hardt saman. Dette skal svare til såbotnen etter harving.
  2. Tel opp minimum 50 korn (n) og sprei dei i potta. Dekk med ca. 1 cm sand. Dette svarer til dei grove partiklane over frøet på jordet etter såing. Legg plast over potta for å hindra uttørking. Set ho bort i éi til to veker. Prøv gjerne med fleire potter og ulikt tal frø (n). Merk potta med kor mange frø (n) det er sådd i ho.
  3. Etter éi til to veker tel du kor mange korn (s) som har spirt.
  4. Rekn ut spireprosenten (x).
  5. Har du brukt fleire potter, reknar du ut den gjennomsnittlege spireprosenten.

Repeter prosenrekning


Slik reknar du ut spireprosenten:

Rekn ut spireprosenten (x) med denne formelen:

n·x100 = s

Eksempel: Du sådde 50 korn. Det er 40 spirar i potta. n = 50 og s = 40

Spireprosenten vert:

         50·x100=40 100·50x100=40·100            50x=4000               x=400050               x=80

Svar: Spireprosenten er 80 %

Slik reknar du ut gjennomsnittleg spireprosent:

Rekn ut gjennomsnittleg spireprosent med denne formelen:

x1+x2+x3+x4tal potter

X1 er spireprosenten i potte 1X2 er spireprosenten i potte 2 osv. 


Eksempel: Du har rekna ut at spireprosenten er:

80 % i potte 1, 90% i potte 2, 75 % i potte 3 og 95% i potte 4.

Gjennomsnittleg spireprosent vert då:

80+90+75+954=85

Svar: Gjennomsnittleg spireprosent er 85 %

Hugselappen

Vi kan gjere forsøk for å finna ut kor mykje av kornet som spirer.

Det kallar vi å rekna ut spireprosenten.

God spireprosent på kornet er viktig for å få eit godt resultat når vi sår korn.

CC BY-SASkrive av Gjert-Are Valberg og Ragnhild Kjeldsen.
Sist fagleg oppdatert 20.04.2018

Læringsressursar

Dyrking av korn