Hopp til innhald

Fagstoff

Yrke: agronom

Ein agronom jobbar med husdyr og/eller planteproduksjon på ein landbrukseigedom. Agronomar kan anten drive eigen gard eller vere tilsette innan landbruket. Arbeidskvardagen til ein agronom består av mange ulike praktiske arbeidsoppgåver.

Finn ut meir om yrket agronom

Sjå filmen over og bruk informasjon frå nettsidene under når du arbeider med oppgåvene.

  1. Korleis kan du utdanne deg til å bli agronom?

  2. Kva arbeidsoppgåver har ein agronom?

  3. Kva for nokre personlege eigenskapar trur du er gode å ha for ein agronom?

  4. Kva treng du kunnskap om for å jobbe som agronom? Gi døme og forklar kvifor ein agronom treng denne kunnskapen.

  5. Kvar kan du få jobb som agronom?

  6. Kva jobbar ein agronom med?

  7. Kva råvarer, produkt eller tenester jobbar du med som agronom?

  8. På kva måte kan ein agronom vere med på å ta vare på og nyttiggjere seg naturressursar på ein måte?

  9. Kva for nokre andre yrkesgrupper samarbeider ein agronom med?

Høgare utdanning i landbruksfag

Med studiekompetanse kan du søke deg inn på universitet eller høgskule, og du kan ta ulike landbruksfaglege utdanningar på både bachelor- og masternivå.

  1. Kva jobbar kan du få med høgare utdanning i landbruksfag?

  2. Diskuter forskjellar og likskapar mellom ei yrkesutdanning med fagbrev og ei høgskuleutdanning.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Ragnhild Kjeldsen.
Sist fagleg oppdatert 25.03.2022

Læringsressursar

Landbruket i Norge