Hopp til innhald

Fagstoff

Plantning for å fange opp overflatevatn

Klimaet er i endring, og ein konsekvens av dette er meir nedbør og oftare hendingar med ekstremnedbør. Ved meir nedbør blir det meir overflatevatn. Plantene kan vere til hjelp for oss og kan nyttast aktivt for å fange opp regnvatn.
Kanal for regnvatn mellom blokker. Plantning langs kantane. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Klimaendringar

Eit varmare klima fører til meir ekstremvêr. Utviklinga i nedbør er at det regnar meir på kortare tid.

Plantning for å hindre flaum

Plantene kan vere ein viktig bidragsytar for å hjelpe oss med å forhindre ukontrollert flaum. Særleg i tettbygde strøk vil jord og plantevekst vere viktige for å skape infiltrasjon av vatn lokalt.

Når vi får meir nedbør på kortare tid, må vi finne andre løysingar for overflatevatn i byane enn å sleppe det ned i det kommunale avløpet. Her er det ikkje kapasitet til å ta imot meir. Omgrepet for handtering av vatn der det treffer bakken, blir kalla LOD – lokal overvassdisponering.

Ved små nedbørsmengder skal installasjonane fange opp vatn og infiltrere alt i jord. Ved middels mengder nedbør, mellom 20 og 40 mm, skal vatnet forseinkast og så mykje som mogleg fordrøyast i installasjonen før restvatn blir leidd til avløp.

Når det kjem store mengder vatn, skal vatnet leiast til fordrøying, men det skal òg vere ein trygg flaumveg for det vatnet som berre fossar forbi når det er fullt. Jord er veldig viktig i denne samanhengen. Vi må nytte typar jord som klarer å ta imot ein del vatn. Plantene nyttar røtene sine til å lage gangar som vatnet kan gå gjennom, og rotnettet hindrar jorda i å vaskast ut når det blir flaum.

Her skal vi sjå på tre døme på LOD-tiltak:

Vadi

Døme på lokal overvasshandtering kan vere graskledde grøfter langs vegane. Målet her er at mesteparten av vatnet skal trekkje ned i jorda i grøfta før det når fram til ein avløpsskum for overvatn. Ei slik grøft blir kalla .

Grøne tak

Grøne tak er òg noko vi har byrja med dei siste åra. Dette nyttar vi for at mest mogleg av regnvatnet som treffer taket, skal halde seg her. Berre ein liten del vil renne ned i takrenna og bli til overvatn. Regnet treffer taket og blir soge opp av ei filtmatte og eit tynt lag med jord. Ved mindre nedbørsmengder kan eit slikt tak ta opp all nedbøren som treffer taket. Mykje av vatnet blir nytta av planteartane som er planta på taket, eller fordampar til atmosfæren.

Idrettshall der det veks låge planter på taket. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Grøne tak er ofte matter med låge planter. Det kan vere til dømes sedum eller moseartar. Takhagar kan òg vere større bed med meir jord. I slike bed kan vi plante mange slags planteartar. Tanken er her òg å ta imot regnvatn for å lagre det i jorda til plantene, før det med stor forseinking anten nyttast av planter, fordampar eller renn ut i overvassnettet.

Regnbed

Planter som står i vatn i eit søkk i terrenget. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Biletet over viser eit regnbed. Nokre stader blir dette nytta for å samle vatnet frå til dømes gater, takrenner eller plenar. Når det regnar mykje, kjem vatnet til bedet og blir infiltrert ned i jorda som ligg i bedet. Her blir vatnet lagra eller forseinka i ferda si mot avløpet. Plantene i slike bed må tole både mykje tørke og å stå kortare periodar i vatn.

Oppgåve

Finn døme på planter med ulike krav til fukt.

Har disse plantene nokre tilpassingar i rot, blad eller anna som gjer at dei passar til å vekse under spesielle veksttilhøve?

Relatert innhald

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Kari Anita Gram.
Sist fagleg oppdatert 06.04.2021

Læringsressursar

Arbeidsoppgåvene til gartnaren