Hopp til innhald

Fagstoff

Den naturlege åtferda til hesten

Hesten har, som andre dyr, nokre naturlege behov. Når dei naturlege behova blir hindra, kan det oppstå uønskt åtferd. Her skal vi først sjå på dei naturlege behova til hesten, og deretter sjå på åtferd som kan vere teikn på at hesten ikkje får eller har fått utløp for den naturlege åtferda si.
Tre hestar som beiter i ei grøn eng. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Flokkdyr

Kunnskap vi har om det naturlege livet til hestane, er henta frå studiar på den ville Prezwalskihesten og forvilla tamhestar som lever fritt på større område. Her ser vi at hestane naturleg organiserer seg i haremsflokkar med éin hingst og fleire hopper eller i ungkarsflokkar med ei gruppe hingstar.

Vennskap

Internt i ein flokk blir ofte danna ei slags , men denne blir mindre tydeleg når det er nok plass og nok mat. Vennskap mellom hestar ser uansett ut til å vere viktig, og det blir danna på tvers av og til dels uavhengig av rang. Hestane i flokk nyttar meir tid på vennlege interaksjonar enn truande åtferd. Sosial hudpleie er interaksjon som skjer mykje av tida når hestane ikkje kviler, vandrar eller et. Hudpleie og rulling blir rekna som typiske teikn på trivsel.

Kvile og søvn

Vaksne hestar er vakne 80 prosent av døgnet. Kvileperiodane er fordelte utover, og dei søv sjeldan lenge om gongen. Hestar kan stå og sove, men dei vil legge seg ned for å få djup søvn. Til saman vil ein hest ligge 2–2,5 timar i døgnet. Føl og unghestar søv og ligg meir. Viltlevande hestar har faste liggeplassar, men vil skifte plass avhengig av årstid og vêr. Føretrekt liggeplass er gjerne på ein topp i terrenget med god oversikt over områda rundt.

Ete og flytte seg

Når dei ville hestane er vakne, nyttar dei mesteparten av tida på matsøk og beiting, til saman rundt 16 timar per døgn. Når dei beiter, vil dei samtidig flytte seg i skritt. Tamme hestar som går på større område, nyttar omtrent like mykje tid på beiting. Ville hestar oppsøker vasskjelder omtrent to gonger dagleg for å sløkke tørsten. Om vinteren kan hestane i periodar ete snø i staden for å oppsøke vasskjelder.

Kvit hest står ved drikkevatnet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva skjer når hesten ikkje får utløp for dei naturlege behova sine?

Som nemnt over har hesten eit naturleg behov for sysselsetjing gjennom rørsle, å beite og/eller å tygge grovfôr og gjennom sosial kontakt med andre hestar. Viss hestane ikkje får dekt desse behova, vil det føre til både fysiske og psykiske problem. Dette kan vise seg som uønskt åtferd som skraping, krybbebiting, luftsluking, veiving eller boksvandring. Ei uønskt åtferd som blir repetert utan mål og meining, blir ofte kalla ein stereotypi.

Kva veit vi om stereotypisk åtferd?

Dei fleste hestar som får stereotypisk åtferd, utviklar det på stallar der dei ikkje får utløp for dei naturlege behova sine. Det er ikkje observert hos viltlevande hestar. Derfor går vi ut frå at det er avgrensingar i miljøet til hesten som er årsaka. Forsking har vist at slike åtferder ikkje er arvelege, og at dei heller ikkje kan lærast bort frå ein hest til ein annan. Når ei slik åtferd først er etablert, vil han som regel ikkje forsvinne heilt, sjølv om hesten får andre leveforhold. Utegang i flokk heile eller store delar av døgnet kan likevel minimere den uønskte åtferda for mange hestar.

Krybbebiting eller luftsluking

Krybbebiting eller luftsluking er to omgrep som blir nytta litt om kvarandre. Hestane set som regel tennene på krybba, eit gjerde eller liknande, spenner nakken og lagar ein karakteristisk gryntelyd. Nokre hestar klarer å spenne nakken og lage lyden utan å bite i noko. Ein har sett samanheng mellom krybbebiting/luftsluking og mykje bokstid, stress, lite grovfôr og mykje kraftfôr (stivelse). Hestar som krybbebit/luftsluker, har òg ofte problem med kolikk. Før trudde ein at dette kom av at dei slukte luft. Men no veit vi at hesten sluker minimalt med luft, og at ei årsak til krybbebiting/luftsluking er at det er måten hesten handterer magevondt på. Når hesten gjer denne åtferda, produserer han eit smertelindrande stoff. Du kan på ein måte seie at luftslukinga blir sjølvmedisinering. Ein vanleg måte å handtere luftsluking på har vore å setje på ei luftslukereim. Dette gjere at hesten ikkje klarer å gjennomføre luftslukinga. Sidan ei luftslukereim berre behandlar symptom og ikkje sjølve årsaka til problemet, er det ikkje tilrådd å nytte slike. Mykje utetid med gode hestevenner og god tilgang til grovfôr er tilrådd.

Veiving

Veiving er ei anna vanleg stereotypisk åtferd. Hesten står då og svingar frå side til side og skiftar samtidig vekta frå det eine til det andre beinet. Veiving er som regel knytt til frustrasjon, til dømes når ein hest blir ståande igjen åleine når kompisen går, eller når han må vente på fôring eller noko anna han vil ha. Mykje veiving kan føre til slitasje på frambeina til hesten.

Boksvandring

Boksvandring vil seie at hesten vandrar kvilelaust rundt og rundt i boksen sin. Her òg kan det ofte sporast til frustrasjon over å ikkje få leve ut den naturlege åtferda si. Å gå runde på runde i ein liten sirkel fører til slitasje på sener og ledd, og hestane blir òg ofte svært skeive og stive i kroppen fordi dei som regel held seg til å gå i same retning heile tida.

Oppsummering

Det er ikkje alltid lett å peike på éi åtferd eller eitt enkelt teikn som fortel om hesten har det godt eller ikkje. Å forstå korleis ein hest har det, og kvifor han oppfører seg som han gjer, krev erfaring og kunnskap om behova og åtferda til hesten. I denne artikkelen har du lært litt om kva som er naturlege behov, og om nokre typar åtferd som kan oppstå viss hesten blir fråteken moglegheita til å utføre naturleg åtferd.

Oppgåver

  1. Diskuter hestane på skulen. Kven er venner? Kven bestemmer kva?

  2. Diskuter hestar de har sett som er frustrerte. Kva har du sett? Kva trur du var årsaka til frustrasjon?

  3. Kva stereotypiar har du observert hos hestar du kjenner? Veit du eventuelt når han gjer dette mykje, og når han viser mindre av åtferda?

Omgrep

Flokkdyr
er dyr som i naturen føretrekker å leve saman i grupper.
Rangordning
blir òg kalla hierarki. Vi snakkar om dette når ulike dyr har ulike roller i ein flokk, og der nokre har ei leiarrolle over andre og dermed meir makt.
Stereotypi
er åtferd som blir repetert gjentakande utan mål og meining.
Veiving
inneber at hesten bevegar hovudet frå side til side og skiftar gjentakande vekta frå den eine framfoten til den andre.
Krybbebiting
inneber at hesten bit på krybba eller ein annan kant, til dømes boksdøra.
Luftsluking
er når hesten henger framtennene på ein kant, spenner nakken og lagar ein "svelgelyd". Nokre hestar klarer å gjere luftslukinga utan å ha ein kant å bite på. Skjer ofte saman med krybbebiting.
Boksvandring
inneber at hesten vandrar rundt og rundt i ein liten sirkel, gjerne same veg heile tida.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Bente Elisabeth Ryen.
Sist fagleg oppdatert 10.05.2021

Læringsressursar

Hesten – biologi og natur