Hopp til innhald

Fagstoff

Nervøsitet

Neglebiting
Opne bilete i eit nytt vindauge

Mest alle menneske blir nervøse når dei står framfor eit publikum. Heldigvis er det mange teknikkar for å takle nervøsiteten.

  • Ver godt budd. Det beste midlet mot nervøsitet er god førebuing. Om du framleis er nervøs, er sjansen mykje større for at du likevel greier å halde ein god presentasjon når du veit kva du skal seie. Å lære seg innleiinga på presentasjonen utanåt kan vere til god hjelp. Nervøsiteten er gjerne størst i førstninga. Når du så er komen i gang, går det gjerne betre.
  • Ha noko å halde i. Det hjelper å halde seg fast i noko. I eit auditorium eller anna lokale som er innreidd med tanke på presentasjonar, finst det ofte ein talarstol. Elles kan ein bordkant eller stolrygg gjere nytten. Når du held deg i noko, er det også lettare å stå i ro. Om du ikkje finn eitkvart i nærleiken du kan halde deg i, kan ein peikestokk, ein penn eller eit manus også fungere. Pass berre på at du ikkje byrjar å veive med peikestokken eller klikke med pennen.
  • Pust roleg og smil. Når du blir nervøs, aukar pulsen og kroppen blir uroleg. Dersom du tvingar deg sjølv til å puste roleg og smile, går pulsen ned, og kroppen blir rolegare. Då kjenner du deg også mindre nervøs.
  • Sei til publikum at du er nervøs. Om ikkje noko anna hjelper, fortel du rett og slett publikum at du er nervøs. Be dei om å ha litt sympati for at du ikkje er så van med å halde presentasjonar. Dei fleste veit korleis det kjennest, og har ingen problem med å skjønne korleis du har det.

Relatert innhald

Når vi skal presentere digital informasjon, er det naturleg å ta i bruk eit presentasjonsverktøy.

CC BY-SASkrive av Arne Jansen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 07.12.2017

Læringsressursar

Bruk av digitale verktøy