Hopp til innhald

Fagstoff

Forbrukarkjøpslova

Det finst fleire lover som regulerer kva rettar og plikter kjøparar har. Kva reglar som gjeld, avheng av typen kjøp. Når forbrukarar kjøper frå næringsdrivande, står forbrukarkjøpslova sentralt. Som næringsdrivande er det viktig at du kjenner rettane kundane dine har.
Dame med øydelagd datamaskin. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Når gjeld forbrukarkjøpslova?

Forbrukarkjøpslova gjeld ved forbrukarkjøp. Forbrukarkjøp er sal av ei vare frå ein yrkesseljar til ein forbrukar når kjøparen skal ha vara til personleg bruk. Her er seljaren profesjonell, mens kjøparen ikkje er det.
Les forbrukarkjøpslova hos lovdata.no.

Forbrukarkjøpslova gjeld ikkje ved kjøp mellom to privatpersonar. Då er det kjøpslova som gjeld.

Profesjonell mellommann

Når ein privatperson som skal selje noko til ein annan privatperson, bruker ein profesjonell mellommann, kjem òg forbrukarkjøpslova inn i biletet. Ho gjeld til dømes når ein bilforhandlar sel ein bruktbil for ein av kundane sine.

Ein bilseljar står i salshallen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Korleis blir forbrukarkjøpslova brukt?

Forbrukarkjøpslova § 15 seier at vara skal vere slik kjøparen har avtalt med seljaren. Kjøparen har krav på at vara har dei eigenskapane og den haldbarheita som seljaren har opplyst ved kjøpet, gjennom annonsar, på plakatar, på emballasjen og liknande.

Dersom det ikkje er avtalt noko spesielt, seier forbrukarkjøpslova § 15 at kjøpar enhar krav på at vara har same eigenskapar og haldbarheit som tilsvarande varer.

Ei mengd vaskemaskinar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Mangel

Er ikkje vara i samsvar med det som er avtalt eller det kjøparen kan krevje etter lova, har vara ein mangel, sjå § 16. Det vil seie at kjøparen kan krevje at seljaren leverer ny vare, rettar feilen, gir prisavslag, hevar kjøpet og/eller gir erstatning.

Døme på mangel

Dersom eit TV-apparatet sluttar å fungere etter tre år, skal seljaren normalt betale reparasjonen. Er det tvil om årsaka til mangelen, kan ikkje seljaren sleppe unna ansvaret ved å hevde at feilen kjem av slitasje eller unormal bruk. Det er seljaren som må sannsynleggjere at feilen kjem av forhold kjøparen er ansvarleg for. Det vil med andre ord seie at dersom seljaren ikkje finn årsaka til feilen, må seljaren dekkje reparasjonen.

Forseinking

Ei forseinking er dersom seljaren ikkje leverer vara til avtalt tidspunkt. Ved forseinking kan kjøparen krevje at seljaren leverer, og kjøparen kan halde tilbake betalinga fram til vara er levert, sjå § 19. Dersom forseinkinga er stor, kan kjøparen heve kjøpet. Det vil seie at kjøparen kan gå frå avtalen og krevje tilbake det han eller ho eventuelt har betalt – med forseinkingsrente frå da vara blei betalt.

Bevisbyrde

Lova seier at alle feil som oppstår dei første seks månadene, skal reknast som fabrikkfeil om ikkje seljaren beviser noko anna. Seljaren har bevisbyrda for at han ikkje kan klandrast for feilen. Etter dei seks første månadene er det vanlegvis kjøparen som har bevisbyrda.

Dersom ein forbrukar kjøper ein ny vaskemaskin og det i løpet av dei første seks månadene viser seg å være ein feil på denne, blir dette i utgangspunktet rekna som ein fabrikkfeil. Om seljaren derimot meiner at det er forbrukaren som har handla aktlaust, må seljaren bevise at dette er tilfellet.

Ein feil er ikkje nødvendigvis ein mangel

Kundar må rekne med feil som følgje av slitasje eller som følgje av uforsvarleg eller unormal bruk. Slike feil er ikkje manglar. Finn seljaren ut at dette er årsaka til feilen, må kjøparen sjølv betale reparasjonen.

Merk deg at når nokon kjøper ein ting brukt, kan seljaren ofte selje tingen «som han er» eller med liknande atterhald. Føremålet er å avgrense rettane til kjøparen. Sjølv om seljaren har teke eit slikt atterhald, er det ein mangel dersom vara er i dårlegare stand enn kjøparen hadde grunn til å rekne med etter det som blei opplyst, etter prisen eller etter alderen på vara.

Det er òg ein mangel dersom seljaren har halde tilbake viktige opplysningar, eller vara ikkje har dei eigenskapane seljaren har opplyst.

Klagefristar ved reklamasjon

Viss kjøparen oppdagar at noko er feil ved vara, må kjøparen melde frå til seljaren i rimeleg tid. Det vil alltid vere tilstrekkeleg at kjøparen klagar (reklamerer) innan to månader etter at han eller ho oppdaga feilen.

I tillegg til at kjøparen må reklamere i rimeleg tid, må kjøparen overhalde dei absolutte klagefristane. Hovudregelen er at klaga må leggjast fram seinast to år etter at kjøparen overtok vara. Fristen er likevel fem år dersom vara er meint å vare vesentleg lenger enn to år. Det gjeld til dømes varer som møblar, bilar, mobiltelefonar, radio-/TV-apparat og byggjevarer.

Veit du forskjellen på reklamasjon og garanti?

Betaling

Vara skal betalast kontant om ikkje anna er avtalt. Kjøparen treng ikkje betale før han eller ho har fått vara, føresett at det ikkje er gjort avtale om førehandsbetaling. Slike avtalar bør ein unngå. Når det ikkje er avtalt pris, skal kjøparen betale det som var normal pris for varetypen på avtaletidspunktet. Får kjøparen ei rekning frå seljaren, må kjøparen seie frå innan rimeleg tid dersom han eller ho ikkje godtek den kjøpesummen som står der.

Korleis kan kjøparen klage?

Som hovudregel må kjøparen sjølv ta opp saka med seljaren, men kjøparen kan først rådføre seg med Forbrukarrådet. Blir ikkje kjøparen eining med seljaren, kan saka klagast inn for Forbrukarrådet.

CC BY-SASkrive av Oddvar Torgersen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 24.03.2020

Læringsressursar

Regelverk for marknadsføring og sal