Hopp til innhald

Fagstoff

Resultatbudsjett

Det finst fleire typar budsjett. Det mest kjende er resultatbudsjettet. Det viser sjølve drifta og den planlagde aktiviteten vår. Vi skal sjå nærare på resultatbudsjettet her.
Hender som held kulepenn og kalkulator. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er eit resultatbudsjett?

Det blir kalla resultatbudsjett sidan det er inntektene og kostnadene vi budsjetterer. Eit resultat er forskjellen mellom inntekter og kostnader. Eit resultatbudsjett består av alle dei budsjetterte kostnadene og inntektene. Budsjettet viser òg det budsjetterte resultatet, som kan vere eit overskot eller eit underskot.

Nedanfor ser du eit døme på eit resultatbudsjett. Det er Morten og Minoo som har budsjettert for den nystarta IT-bedrifta si – Morten og Minoos support.

Dette er det første driftsåret deira, og dei har derfor inga erfaring og ingen tidlegare tal å sjå på. Dei bør då vere svært nøkterne når det gjeld inntekter, men dei bør heller ikkje undervurdere kostnadene. Det er betre å bli positivt enn negativt overraska.

Resultatbudsjett

Resultatbudsjett i kr

Inntekter

275 000

Varekostnad

25 000

Bruttoforteneste

250 000

Løn

90 000

Husleige

60 000

Straum

30 000

Telefon

18 000

Forsikring

10 000

Avskriving

28 000

Sum faste kostnader

236 000

Resultat

14 000

Kommentarar til budsjettet

Inntekter

Det er inntektene som er vanskelegast å budsjettere, særleg det første driftsåret. Inntektene finn du ved å gonge pris med talet på selde einingar. Når inntektene er budsjetterte, har vi lagt ramma for neste år og planlagt aktivitetsnivået. Vi startar derfor med å budsjettere inntektene. Kostnadene følgjer så i stor grad ut frå dei budsjetterte inntektene.

Varekostnaden

Varekostnaden er ein såkalla variabel kostnad. Det vil seie at han varierer med aktivitetane, salet eller produksjonen. Vanlegvis vil han stige eller falle like mykje som salet.

Det er fornuftig å rekne varekostnaden i prosent av inntektene. Vi reknar salet som 100 prosent, og basert på dømet ovanfor blir varekostnaden:

25 000 kr · 100275 000 kr= 9 %

Varekostnaden utgjer ofte 40–70 prosent i mange handelsbedrifter. Morten og Minoo skal drive ei tenesteytande bedrift. Sidan dei "sel" timar og løn blir rekna som ein fast kostnad, kan varekostnaden vere lik null. Men dei har òg tenkt å selje litt rekvisita, så varekostnaden deira er planlagd til å bli 9 prosent.

Bruttoforteneste

Bruttoforteneste finn du ved å trekkje varekostnaden frå inntekta. Bruttoforteneste skal dekkje faste kostnader og gi eit positivt resultat (ei forteneste).

Når vi jobbar med budsjett og rekneskap, bruker vi òg omgrepet dekningsbidrag. Dekningsbidrag og bruttoforteneste er det same. Vi reknar dekningsbidrag og bruttoforteneste i prosent av inntektene dersom vi vil uttrykkje talet som ein prosentsats.

For Morten og Minoo blir reknestykket slik:

250 000 kr × 100275 000 kr= 91 %

Dei faste kostnadene

Dei faste kostnadene er som regel enkle å budsjettere. Det er likevel viktig å få med alle desse kostnadene i budsjettet. Her tek vi konto for konto i rekneskapen frå i fjor og vurderer kor store kostnadene blir neste år. I og med at dette er det første driftsåret for Morten og Minoo, kan dei ikkje bruke nokon historikk, noko som gjer det vanskelegare å budsjettere. Morten og Minoo må vere ekstra nøye med å vurdere kva faste kostnader dei må rekne med.

Resultat

Til slutt reknar vi ut det endelege resultatet ved å trekkje summen av faste kostnader frå bruttoforteneste. Resultatet skal vere eit plussresultat, og det viser fortenesta vår.

For Morten og Minoo blir resultatet 14 000 kroner.

250 000 kr - 236 000 kr = 14 000 kr

CC BY-SASkrive av Oddvar Torgersen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 18.05.2022

Læringsressursar

Budsjett