Hopp til innhald

Fagstoff

Tekniske tryggingstiltak – inngangskontroll

Den enklaste forma for inngangskontroll er å ha lås på døra. Då har vi kontroll med kven som går inn og ut. I tillegg finst det atskilleg meir avanserte inngangskontrollsystem.
Illustrasjon for internettsikkerheit.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Lås døra!

Ei heilt enkel form for inngangskontroll er ein lås med nøkkel til. I bedrifter bør nøkkelen leverast ut av ein person som registrerer at han har gitt frå seg nøkkelen. Den som tek imot nøkkelen, signerer for mottaket.

Dersom vi mister nøkkelen og ein person med tvilsame baktankar finn han, kan det utgjere ein stor risiko for bedrifta. Låsen må då bytast ut for å fjerne risikoen. Med eit nøkkelkortsystem er dette mykje enklare.

Nøkkelkort

Et kortinngangssystem fungerer på den måten at kortet avløyser nøkkelen til låsen.

Nye nøkkelsystem har ei lita brikke i nøkkelen som er programmert mot låsen. Dersom nøkkelen kjem bort, kan han deaktiverast slik at brikka ikkje lenger fungerer. Då verkar heller ikkje nøkkelen.

Ved inngangskortstyring er det gjerne elektriske låsar som opnar døra. Døra kan då berre dyttast opp utan fleire handgrep.

Eit inngangskort gjer det også enklare å styre tilkomsten til soner. Personalet skal kanskje berre ha tilgjenge til eiga sone eller eigen etasje i bygget. Det kan lett styrast med eit elektronisk system.

Alle kortlesarar har eit nummer, og kvart kort har sitt nummer. Ei liste i kortet fortel kva slags kortlesarar (dører) kortet gir tilgang til. Dersom ein tilsett for eksempel byter avdeling, er det enkelt å endre sona som kortet opnar dørene til.

Det er mogleg å fjernstyre slike dører. I praksis kan det då vere ein alarmstasjon i Australia som opnar portar og dører i Noreg.

Fingeravtrykk og irisskanning

Ny teknologi opnar for stadig meir avanserte system for inngangskontroll. Skanning av fingeravtrykk eller av irisen (regnbogehinna) i auget blir etter kvart teken i bruk av bedrifter som krev høg grad av sikring.

Fingeravtrykkslesaren eller irisskannaren les av fingeren eller auget og jamfører med det som tidlegare er lagt inn i basen. Stemmer det skanna biletet med eit bilete som har fått inngang, blir døra låst opp.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Vegard Floor Søvik. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 04.03.2017

Læringsressursar

Tryggingstiltak