Hopp til innhald

Fagstoff

Korleis kan vi ta vare på det biologiske mangfaldet?

For å ta vare på det biologiske mangfaldet må vi samarbeide på fleire nivå: land, fylke og kommunar. Det finst mange avtalar, lover og planar for å sikre det biologiske mangfaldet. I tillegg kan frivillige organisasjonar og enkeltpersonar som du og eg påverke måten vi bruker naturen på.
Jente i oransje regntøy spar oljesøl opp i ei rosa bøtte i fjøra. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Mange aktørar påverkar naturen

Det er mange som vil ha eit ord med i laget når vi skal avgjere korleis vi skal bruke områda rundt oss. Skal vi byggje bustader eller ta vare på matjorda? Skal vi byggje ein ny veg eller ta vare på leveområdet til ein trua art? Når det er ulike meiningar om kva vi bør gjere, får vi interessekonfliktar. Då er det praktisk å ha lover og avtalar som set rammer for kva vi kan gjere.

Internasjonale avtalar

Stor sal med mange rader med sitjeplassar. Til høgre eit podium. Foto.

Biologisk mangfald handlar om både artar, økosystem og gen. Når vi skal ta vare på artar og økosystem, er det ofte naudsynt med avtalar som gjeld mange land. Nokre artar beveger seg mellom fleire land (til dømes trekkfuglar, fisk og havpattedyr), mens andre artar finst på svært få stader. Forvaltning av det genetiske materialet til artane har òg interesse på tvers av landegrenser. Det kan oppstå usemje om kven som har rett til å bruke den genetiske informasjonen hos ein art, spesielt viss nokon kan tene pengar på denne informasjonen. Derfor er det viktig med internasjonale avtalar. Desse kan brukast når land er ueinige om kva dei skal gjere, og dei dannar utgangspunktet for lovgiving i dei enkelte landa.

Nasjonal lovgiving

Naturmangfaldlova

Naturmangfaldlova er det viktigaste verkemiddelet for å sikre naturen og biomangfaldet i Noreg. Ho gjeld for all natur, også område som ikkje er verna. Lova er omfattande og gir rom for skjønn. Skal ho verke etter føremålet, må alle passe på at ho blir brukt på ein klok måte.

Lovens formål er at naturen med dens biologiske, landskapsmessige og geologiske mangfold og økologiske prosesser tas vare på ved bærekraftig bruk og vern, også slik at den gir grunnlag for menneskenes virksomhet, kultur, helse og trivsel, nå og i fremtiden, også som grunnlag for samisk kultur.

Naturmangfaldlova § 1

Plan- og bygningslova

Plan- og bygningslova seier at kommunane må lage planar for korleis dei skal forvalte areala sine. Lova kan brukast for å verne strandsoner og annan natur mot utbygging.

Kunnskapsbaserte avgjerder

Mann i vinterklede held bit av bork i skog. Foto.

Naturmangfaldlova legg opp til ei kunnskapsbasert forvaltning. Det vil seie at vi skal vite mest mogleg om effektane kvar gong det skal byggjast vegar eller hus, eller når ein skog skal hoggast. Stortinget har bestemt at alle kommunar skal ha oversikt over og kartleggje biomangfaldet i kommunen. Dette er ein stor jobb, der statlege institusjonar og frivillige bidreg. Men det er framleis langt igjen til vi har god oversikt. Viss vi ikkje har nok kunnskap, skal føre-var-prinsippet gjelde. Det betyr at viss vi ikkje veit nok om konsekvensane av eit tiltak, skal ikkje tiltaket gjennomførast.

Trua artar i nærområdet ditt

I karta under kan du sjå område der vi har kunnskap om førekomst av trua eller sårbare artar.

Artar på land. Kart hos Miljøstatus.no.

Finst det nokre slike artar i nærleiken av der du bur? Kan du finne område der det er moglege konfliktar mellom utbygging og førekomst av sårbare eller trua artar?

Ulike aktørar

Kommunen

Administrasjonsbygningen til Vadsø kommune. Foto.

Politikarane i kommunen vedtek planar for korleis areala i kommunen skal brukast. Planane gjeld til dømes kor ein skal byggje hus, hytter, barnehagar, skular, industri og vegar. Ein del område er reserverte for landbruk, natur, friluftsliv og reindrift (såkalla LNFR-område). I desse områda ønskjer ein i utgangspunktet inga utbygging. Planane gjeld for fire år om gongen.

Fylkeskommunen

Fylkeskommunen har ansvar for forvaltning av vilt og fisk og skal leggje til rette for friluftsliv.

Statsforvaltaren

Statsforvaltaren passar på at kommunar og fylkeskommunar følgjer lover og reglar innanfor landbruk, skogbruk og miljøvern. Statsforvaltaren kan stoppe utbyggingsprosjekt i kommunane og kome med innvendingar viss prosjekta ikkje er i tråd med lover og nasjonale interesser.

Frivillige organisasjonar

Varmluftballong med påskrifta "Stop global warming" framfor rådhuset i Oslo. Foto.

Enkelte organisasjonar jobbar med å skaffe kunnskap om natur, gjerne på område der det finst lite kunnskap frå før. Dei kan òg fungere som "vaktbikkjer" ved at dei passar på at offentlege og private aktørar følgjer lover og reglar.

Du og eg har eit ansvar

Privatpersonar som du og eg kan påverke korleis vi som samfunn prioriterer natur når vi tek avgjerder: Vi kan bruke stemmeretten når det er val, fremje innbyggjarforslag i kommunen der vi bur, gjennomføre aksjonar for å rette merksemda mot noko vi meiner er viktig, eller engasjere oss i frivillige organisasjonar eller politiske parti.

Relatert innhald

Ved å aksjonere kan enkeltpersonar eller grupper rette merksemda mot ei sak for å prøve å påverke politiske avgjerder.

CC BY-SASkrive av SABIMA, Kristin Bøhle og Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 31.05.2021

Læringsressursar

Biologisk mangfold