Hopp til innhald

Fagstoff

Brannmur

I dag er mest alle datamaskinar kopla til Internett. Det gjer det mogleg for oss å kommunisere med andre, men samstundes blir det òg mogleg for uvedkomande å bryte seg inn på datamaskinen vår via nettet. For å forsvare oss mot dette set vi opp ein «brannmur».
PC server
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ein brannmur er rett og slett eit program som overvaker all nettverkstrafikken som går inn og ut av datamaskinen. Dersom programmet oppdagar at nokon prøver å få tilgang til maskinen utanfrå utan at vi har bede om det, vil programmet blokkere kommunikasjonen. Det same skjer dersom maskinen prøver å sende data ut på nettet utan at vi har bede han om det.

Trass i at vi må verne oss mot innbrot og datatjuveri frå utsida, skjer faktisk dei fleste datatjuveria av personar som arbeider i bedrifta.

Det kan vere vikarar, mellombels tilsette eller andre tilsette som trur dei kan selje eller bruke informasjonen sjølve. Det kan òg vere tilsette som skal slutte og byrje å jobbe for ein konkurrent, for eksempel ein seljar som skaffar seg ein kopi av kunderegisteret.

Relatert innhald

Ein brannmur er rett og slett eit program som overvaker all nettverkstrafikken som går inn og ut av datamaskinen.

CC BY-SASkrive av Arne Jansen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 26.11.2017

Læringsressursar

Datasikring