Hopp til innhald

Fagstoff

Feber og sjukepleietiltak

Dei viktigaste tiltaka ved feber er å lindre ubehag medan kroppen sjølv tek hand om infeksjonen. Her finn du ulike tiltak som kan lindre ubehag.
Feber. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ro og kvile

Pasienten bør sjølv få bestemme aktivitetsnivået. Feber gjer pasienten slapp og sliten. Å sove og kvile er viktig for å ikkje svekkje evna kroppen har til å nedkjempe infeksjonen.

Personleg hygiene

Ved feber er gjerne allmenntilstanden sett ned, og pasienten kan difor trenge hjelp til personleg hygiene. For å gi pasienten ei kjensle av velvære er det viktig med hyppig kroppsvask, tann- og munnstell og skift av sengetøy.

Næringstett kost

Ein pasient med feber har gjerne dårleg appetitt. Då er det viktig at det pasienten får i seg av mat, inneheld mykje næring. Døme på næringstett kost er frukt-smoothie, ostebitar, nøtter, frukt og avokado. Maten bør vere delikat.

Drikke

Pasienten bør ha tilgang til rikeleg med drikke fordi kroppen taper ekstra væske når kroppstemperaturen aukar. Rikeleg drikke er 30 ml væske per kilo kroppsvekt i døgnet. Det kan vere tenleg å måle drikke og diurese. Drikka bør vere avkjølt og frisk.

For at pasienten skal få i seg både sukker og salt, er det tilrådd å gi ei blanding av mineralvatn frå naturlege kjelder (salt binder væske til kroppen) og eplemost (sukker gir energi). Pasienten tilfører også væske til kroppen gjennom å suge på isbitar eller ete fruktis.

Medikamenter

Dersom pasienten er plaga av feber, kan legen skrive ut febernedsetjande middel som til dømes paracetamol eller ibuprofen. Hugs at helsefagarbeidaren ikkje kan gi noka form for medikament utan å ha gjennomført medikamentkurs og fått delegert løyve til å dele ut legemiddel frå leiaren av verksemda.

Pasienten blir ikkje fortare frisk om han eller ho får smertestillande midel, og difor er ikkje febersetjande middel noka behandling. Immunsystemet arbeider mest effektivt når kroppstemperaturen ligg mellom 38 og 39 gradar celsius, og det er difor ikkje tenleg å ta febernedsetjande legemiddel dersom pasienten ikkje er plaga av smerter eller har kraftig nedsett allmenntilstand. Helsefagarbeidaren skal observere verknad og eventuelle biverknader av legemiddel.

Avkjøling

Ved feber bør pasienten vere lett kledd (utan at pasienten frys), og romtemperaturen bør vere sval (15–17 gradar). Dyna kan gjerne bytast ut med eit lettare teppe eller eit laken.

Det er likevel viktig at pasienten ikkje frys, for då byrjar kroppen å produsere meir varme. Somme pasientar synest det er godt med kalde omslag på panna. Apoteket sel kjølande geleark som verkar i opptil åtte timar.

Kontrollmåling av temperaturen

Det er viktig å kontrollmåle temperaturen og dokumentere verdiane i journalen til pasienten. Når pasienten har feber, er det tilrådd med minst tre kontrollmålingar per døgn, og feberen bør målast til same tid på døgnet. Kroppstemperaturen kan målast på ulike måtar.

Førebyggjande tiltak mot komplikasjonar ved sengeleie

Ved feber blir pasienten immobil, og han eller ho er då utsett for å få komplikasjonar på grunn av sengeleiet. Førebyggjande tiltak er skildra her: Komplikasjonar ved immobilitet

CC BY-SASkrive av Birgit Flaten. Rettshavar: Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 04.03.2017

Læringsressursar

Prosedyrar i pleie- og omsorgstenesta