Fagstoff

Reality-generasjonen (2000-talet)

Publisert: 26.04.2011, Oppdatert: 04.03.2017
  • Innbygg
  • Enkel visning
  • Lytt til tekst
  • Skriv ut

Mediehistorie

 

Hugselappen

På 2000-talet blei skiljet mellom det offentlege og det private viska ut.

 

Alle TV-kanalane sende reality-seriar der ”vanlege folk” var hovudpersonar.

 

TV-selskapa konkurrerte om rettane til sportssendingane.

 

Nye betalings-kanalar blei etablert.

 

Ein ny riksdekkjande radiokanal, Kanal 4, kom på lufta.

Kjetil Wang Hansen og Cathrine Lund deltok i TV 2s reality-serie Farmen i 2001.Kjetil Wang Hansen og Cathrine Lund deltok i TV 2s reality-serie Farmen i 2001.

Tine Helene Valle og Carl Eliassen er vinnerne av TV3s reality-serie "Paradise Hotel". Tine Helene Valle og Carl Eliassen blei vinnarane av TV3s reality-serien "Paradise Hotel" i 2010. 

NRK i endring

Mediehistoriker Henrik Bastiansen forteller om NRKs historie på 2000-talletMediehistorikar Henrik Bastiansen fortel om NRK si historie på 2000-talet.

Ny nyheitskanal: NRK Alltid nyheiter.
Opphavsmann: NRK
 

NRK startet egen barnekanal - NRK SuperNRK starta eigen barnekanal – NRK Super  

NRK Super på radio
Opphavsmann: NRK
 

Betalings-TV

På 2000-tallet fikk seerne mulighet til å kjøpe spesielle TV-tjnesterPå 2000-talet fekk sjåarane moglegheit til å kjøpe spesielle TV-tenester på betalings-TV.

K fikk kritikk av de kommersielle TV-kanalene fordi de tok imot sponsormilder i forbindelse med sine sportssendingerDei kommersielle TV-kanalane kritiserte NRK for å undergrave reklameforbodet ved å la sponsorar betale for store sportssendingar.


Opphavsmann: NRK

Kva er privat og kva er offentleg?

Det viktigaste kjenneteiknet ved 2000-talet er at skiljet mellom det private og offentlige blir viska ut.Det første verkelegheitsdramaet i Noreg, Robinsonekspedisjonen, blei produsert av Strix Televisjon og sendt på TV3 i 1999.

Mannen bak konseptet er briten Charlie Parsons, og eigar av formatet er Castaway Television Productions. Det litterære forbildet er ei blanding av Robinson Crusoe og Fluenes herre. Nokre menneske blir utan mat sende til ei sørhavsøy med berre eitt valfritt hjelpemiddel. Dei blir først delte inn i to lag som må kjempe mot kvarandre. Etter kvar konkurranse må det tapande laget velje ein deltakar som blir send heim. Når halvparten av deltakarane er sende heim, går ein over til individuelle konkurransar inntil ein av deltakarane står tilbake som vinnar.

Ein flom av reality-seriar

Det var også i 1999 at nederlendaren John de Mol og produksjonsselskapet Endemol produserte den første Big Brother-serien, som TVNorge sende her i landet frå 2001. Også Big Brother har ein litterær allusjon, nemleg til George Orwells roman 1984, der han framskriv eit samfunn der alt privatliv er forbode og ”storebror ser deg”.

Les meir om Big Brother, Farmen, Eldrebølgen og 71o nord.

Tolv deltakarar i tjueåra av begge kjønn blei plasserte i brakker på Fornebu. Serien må seiast å vere nyskapande først og fremst gjennom sin store grad av interaktivitet. I tillegg til dei redigerte TV-sendingane kunne publikum følgje deltakarane via Internett heile døgnet. På enkelte arbeidsplassar kunne det meldast om at nettet blei overbelasta, særleg når nokon av deltakarane skulle dusje eller hadde sex. Det var også publikum som stemte fram vinnarane ved hjelp av SMS og faks. I den første finalen i slutten av mai 2001 blei det sendt inn 2,7 millionar stemmer.

Også TV2 og NRK følgde opp med produksjon av seriar med verkelegheitsfjernsyn. TV2 i 2001 med Farmen, eit format utvikla av Strix Televisjon. Konseptet går ut på at 12 – 14 menneske blir sette 100 år tilbake i tid på ein gard utan moderne hjelpemiddel. Der skal dei overleve ved å samarbeide så godt som mogeleg. Kvar veke blir den deltakaren som klarer seg dårlegast i dei innlagde konkurransane med dei andre send heim.

NRK1 sende vinteren 2003 Eldrebølgen, der dei tolv deltakarane, som alle var eldre enn 62 år, saman skulle setje opp ein revy i løpet av ti veker. Opptaka skjedde på den nedlagde Solhov folkehøgskole på Lyngseidet i Lyngen. I tillegg til dei redigerte fjernsynsepisodane blei det lagt ut mykje tilleggsmateriale på nettet. Men her blei naturlegvis ikkje deltakarane stemde ut, dei skulle jo alle vere med på framføringa av den avsluttande revyførestillinga. 

Verkelegheitsseriane på fjernsyn er ein samansett type program. I løpet av det første tiåret av 2000-talet er det registrert lansert 52 seriar som kan falle inn under denne nemninga på dei største norske fjernsynskanalane. Hovudtyngda av desse er send på dei tre kommersielle kanalane, med 17 på TVNorge, 16 på TV2, og 15 på TV3. Hovudtyngda av nylanseringar skjedde mellom 2004 og 2007.

Nokre av verkelegheitsseriane, som 71o nord på TVNorge, der ei gruppe menneske skal ta seg fram gjennom Noreg frå Lindesnes til Nordkapp, har blitt fast inventar i kanalens programskjema, mens seriar som Harem (2001) og Kråkeslottet (2002), begge produserte av Strix Televisjon AS for TV3, blei floppar med låge sjåartal, og tekne av sendeskjemaet etter berre éin sesong.

skjul

Kamp om retten til sportssendingar

Kringkasting etter 2000 dreier seg naturlegvis ikkje berre om verkelegheitsseriane. Også rettane til å sende dei mest populære sportshendingane har det vore stor kamp om mellom dei ulike fjernsynskanalane.

Heilt frå kringkastinga sin barndom har direktesend dekning av dei store idrettshendingane vore blant dei mest populære programinnslaga. Med fjernsynet blei dette endå meir forsterka. Og då vi frå 1990-åra fekk kommersielle TV-kanalar, førde dette til at dei mest attraktive idrettane kunne dra nytte av dette ved å selje rettane til å sende frå sine arrangement til langt høgare prisar enn tidlegare.

Les meir om sportssendingar

Frå 29. november 1969 sende NRK ein av kampane frå engelske Premier League i fotball samtidig som sjåarane med eit lite pling blei gjort merksame på utviklinga i dei andre kampane på vekekupongen frå Norsk Tipping AS. TV2 prøvde først å byggje opp interesse rundt ”nye” norske fjernsynsidrettar som basketball og sykkelrittet Tour de France. Ved at TV2 er medlem av Den Europeiske Kringkastingsunionen (EBU), har dei saman med NRK gjennom denne organisasjonen hatt tilgang til ein del av dei same sportsrettane. Ved VM på ski i 1999 konkurrerte dei to kanalane om å dekkje dei same øvingane. EM i fotball i 2000 var TV2s første store internasjonale meisterskap.

Etter kvart kan det synast som om TV2 fann ein profil som kanalen for ballidrett, med sterk satsing på fotball og kjøp av alle rettar til internasjonale meisterskap i handball, både for menn og kvinner. NRK har på si side konsentrert seg om dei individuelle vinteridrettane og friidrett.

Sommaren 2005 skjedde det likevel ei dramatisk endring i situasjonen, då TV2 og Telenor kunne offentleggjere at dei saman hadde kjøpt rettane til å sende nesten all norsk fotball dei neste tre-fire åra. Avtalen var unik fordi den hadde som føresetnad at alle kampane i eliteserien i fotball for menn skulle sendast direkte, anten på fjernsyn (TV2 og Canal Digital) eller på Internett. I 2005 lanserte dessutan TV2 og Telenor Broadcast Holding saman sports- og underhaldningskanalen TV2 Zebra, som i 2007 blei delt i to kanalar ved at TV2 Sport blei skilt ut som eigen betalingskanal. I 2006 produserte TV2 222 fotballkamper.

Som ei motvekt til samarbeidet mellom Telenor og TV2 etablerte NRK og MTG Viasat SportN, som blei ein betalingskanal hausten 2005. Kanalen erstatta Viasat Sport 1, og blei drifta av Mediatec Broadcast. Kanalen blei lagd ned hausten 2009, og alle rettane overførde til Viasat Sport.  MTG har i 2010 sikra seg rettane til UEFA Champions League, UEFA Europe League og den engelske FA-cupen. TV2 har sikra seg rettane til den norske tippeligaen (saman med SBS) og Premier League.  I 2012 blir det garantert ein ny bodrunde når rettane til å sende Champions League, EFA Europe League og Tippeligaen for dei neste tre åra blir lagde ut for sal.

I 2001 overtek Høgre-politikaren John G. Bernander som kringkastingssjef etter sosialdemokraten Einar Førde. Med sin bakgrunn frå privat næringsliv klarer han å følgje opp intensjonane til forgjengaren om å skape balanse i regnskapa.

skjul

Sendeskjema og programskaping vert skilt

I 2000 skjer det ei større omorganisering av NRK. Som ein konsekvens av at forskjellane når det gjeld produksjonen av radio- og fjernsynsprogram i konvergensens tidsalder blir stadig mindre, blir også det organisatoriske skiljet mellom media oppløyst. I staden blir det innført eit skilje mellom dei som legg opp sendeskjema og dei som marknadsfører resultatet, dei såkalla ”bestillarane” i Kringkastar og dei programskapande avdelingane. Framleis blir dei “nye” media enno i to år organiserte i ein eigen divisjon, NRK Futurum.

Den største endringa i programtilbodet for NRK på 2000-talet er etableringa av NRK3 hausten 2007. På dagtid heiter kanalen NRK Super, med eit tilbod 13 timar dagleg til barn og unge.

Les meir om underhaldning i NRK

På kveldstid skal kanalen vere ein underhaldningskanal for vaksen ungdom. I samband med etableringa av NRK3 blei NRK2 omdanna til en kanal for fakta- og aktualitetsstoff, og dessutan kulturprogram. Nokre vil hevde at kanalen slapp å vere ”ung”, og kunne konsentrere seg om å vere ”tung”.

NRK førde vidare den såkalla ”gullrekkja” på fredagskveldane med musikkleiken ”Beat for beat”, det aktualitetsorienterte satireprogrammet ”Nytt på nytt” og talkshowet med Fredrik Skavlan som programleiar. Med Robert Stoltenberg i alle sentrale roller fikk NRK i 2002 ein utruleg suksess med ”Borettslaget”. Hausten 2007 følgjer NRKs dramaavdeling opp med ”Berlinpoplene”, basert på romanane til Anne B. Ragde. Og i 2008 kjem ”Himmelblå”, serien som samla 1,3 millionar sjåarar framfor TV-skjermen på det meste.

skjul

Betalingskanalane gjer sitt inntog

Med sviktande reklameinntekter satsar TV2 på etablering av fleire betalingskanalar. I 2006 blir TV2 filmkanalen lansert, og året etter følgjer den hittil einaste reine nyheitskanalen i Noreg på fjernsyn, TV2 Nyhetskanalen.

Les meir

I 2007 erstattar også Alf Hildrum frå A-pressen Kåre Valebrokk som administrerande direktør. I 2008 annonserer den nye direktøren eit kostnadskutt på 150 millionar kroner. Då hadde dei allereie selt tapsprosjektet Kanal 24 til SBS Radio. TV2 hadde i 2003 kjøpt Nettavisen. Dei døypte nettstaden TV2 Nettavisen, som i 2006 blei endra tilbake til Nettavisen. I 2008 ble det gjennomført ein full integrasjon mellom TV-nyheitene og nettredaksjonen. TV2 selde i 2009 selskapet til sine eigne eigarar Egmont og A-pressen. I 2009 lanserte TV2 Science Fiction på nett-TV og via UNINETT til høgskolar og universitet. Hausten 2010 ble TV2 Bliss lansert som ein kanal for drama, dokusåper, reality og filmar.

skjul

Ei konsekvensrunde med forviklingar

Då P4 Radio hele Norge i 2003 etter ti års drift skulle fornye konsesjonen sin, blei han – uventa for mange -  ikkje fornya. I staden gjekk konsesjonen til å sende på det fjerde FM-sendenettet til Kanal 4. Bak Kanal 4 stod avisene Adresseavisen (16,67 %), Agderposten (11,27 %), Fædrelandsvennen (16,67 %), Gudbrandsdølen Dagningen (11, 18 %), Harstad Tidende (13 %), Mediehuset Vårt Land (11,27 %), Norsk Telegrambyrå (5 %) og 21st Venture (11,27 %).

Det er liten tvil om at denne gruppa overtok konsesjonen fordi søknaden deira lovde å lage ein kommersiell radiokanal som i større grad enn P4 tilfredsstilte det allmennkringkastaransvaret som Kulturdepartementet etterlyste. Som plaster på såret fekk P4 den nye konsesjonen for den femte riksdekkjande frekvensen i FM-nettet.

Les meir

Trass i dårlegare dekningsgrad heldt P4 langt på veg fast på sin marknadsdel. Lyttarane var lojale, vende seg bort frå Kanal 4, som etter ein rettstvist med P4 måtte kalle seg Kanal 24, og skrudde seg fram til den nye frekvensen til P4. Hausten 2004 hadde P4 framleis ein marknadsdel på 23,5 %, mens Kanal 24 ikkje hadde tilrana seg meir enn 5,4 %. Mens pengane i stort tempo rann ut av kassa, trekte den eine etter den andre av eigarane seg ut av radiokanalen og selde sin eigardel til TV2, som også hadde søkt på radiokonsesjonen. Etter først å ha blitt eineeigar, selde så TV2 kanalen med konsesjon og det heile med store bokførde tap til SBS Radio.

skjul
Oppgåver

Teoretisk stoff for