Hopp til innhald

Fagstoff

Ikkje-verbal kommunikasjon

Ikkje-verbal kommunikasjon er det vi formidlar utan å bruke ord. Kroppsspråket kan innehalde rørsler, gestar, smil, tårer, påkledning, sminke og så bortetter.
To som gir kvarandre ein god klem. Den eine ser inn i kameraet og viser tommel opp. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kommunikasjon utan ord

Språket er berre eitt av mange verkemiddel vi bruker når vi kommuniserer med kvarandre. Stemme, blikk, ansiktsuttrykk, gestar og kroppsrørsler, berøring og fysisk avstand er andre middel vi tek i bruk for å få fram ein bodskap.

Stemma

Vi kan variere bruken av stemma på mange måtar for å understreke bodskapen vi ønsker å få fram. Vi kan variere

  • styrke (sterk/svak)
  • tonefall (stigande/fallande)
  • tempo (raskt/sakte)
  • pausar (korte/lange)
  • klang (hard/mjuk/monoton osb.)
  • rytme (rask/roleg/stotrande osb.)
Ei jente held hendene framfor munnen slik ein kan gjere når ein roper. Foto.

Blikket

Blikket gir viktig tilleggsinformasjon om den bodskapen sendaren formidlar til mottakaren. Mottakaren, på si side, må tolke kva sendaren fortel med blikket sitt. Under finn du nokre funksjonar som blikket kan ha i kommunikasjon:

  • gi informasjon
  • regulere samværet mellom menneske
  • uttrykke nærleik eller intimitet
  • utøve sosial kontroll
  • lette gjennomføringa av ei oppgåve
  • gjere narr av nokon
  • vise at ein lyttar og følger med

Ansiktsuttrykk

Alle har røynsle med at ansiktsuttrykket uttrykker kjensler og avslører korleis ein person tolkar og forstår opplevingar. Under finn du nokre kjensler som vi menneske langt på veg uttrykker meir eller mindre på same måte, ved hjelp av ansiktsuttrykk:

  • sorg
  • glede
  • undring
  • sinne
  • frykt eller redsle
Fire bilete av ein mann med ulike ansiktsuttrykk. På det første smiler han, på det andre har han smale auge og munnvikene trekte nedover, på det tredje strammar han augebryna, og på det fjerde sperrer han opp auga og har halvopen munn. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Gestar og kroppsrørsler

Ofte ser vi at folk rører på hovudet, dei nikkar, held hovudet på skakke eller ristar på hovudet når dei snakkar med nokon. Noko liknande ser vi òg med handrørsler. Enkelte ser nesten ut til å vere avhengige av å bruke hendene for å skildre eller understreke det dei fortel.

Klede, hår og sminke

Måten vi kler oss på, sminkar oss på, og måten vi har håret vårt på, kommuniserer kven vi er, og kva for gruppe vi høyrer til. Det varierer om arbeidsplassen har uniform eller ikkje. På stader der du kan gå i privatklede, kan det oppstå diskusjonar knytte til kva ein kan ha på og ikkje, nettopp på grunn av at klede kommuniserer. Diskusjonane kan til dømes vere knytte til

  • om ein kan gå i bikini ein varm sommardag?
  • om ein kan bruke klede med daudinghovud og hakekross på jobb?

Å kle seg på ein akseptabel måte er ein del av det å vere profesjonell, men som nytilsett er det ikkje alltid like lett å vite kva som blir rekna som akseptabelt og ikkje. Ein samtale med dei andre tilsette vil vanlegvis gi eit bilete av kva som blir forventa.

Berøring

Dersom du jobbar med menneske, kan berøring vere ein viktig del av kommunikasjonen. Når du tek eit barn på fanget og trøystar det, når du held ein gammal mann i handa, eller når du hjelper ein ung gut med personleg stell, må dette gjerast på ein måte som kommuniserer omsorg og respekt. Du vil fort merke det, dersom personen opplever berøringa som ubehageleg.

Utfordringar til deg

  1. Korleis kan stemma di understreke eller så tvil om du meiner det du seier? Gi døme.

  2. Korleis kan du vise med blikket at du er interessert i det ein medelev fortel deg?

  3. Kva signaliserer du dersom du held tydeleg avstand til kollegaer på arbeidsplassen din?

CC BY-NC-SASkrive av Kjell Arne Standal og Guri Bente Hårberg.
Sist fagleg oppdatert 29.08.2022

Læringsressursar

Kulturforståing og kommunikasjon