Hopp til innhald

Fagstoff

Sideleie

Ein person som er medvitslaus, men som pustar sjølv, skal leggjast i sideleie. Dette gjer vi for å sikre at personen har frie luftvegar. Samtidig blir faren avgrensa for at mageinnhald kjem ned i lungene viss personen skulle kaste opp.

Viss du kjem over nokon med nedsett medvit, undersøk personen etter hugseregelen BLÅS. Les meir om BLÅS.

Førstehjelpstiltak ved medvitslaus person som pustar:

Legg personen i sideleie. Ring 113, her vil du få rettleiing og hjelp.

Framgangsmåte for å leggje personen i sideleie:

  • Set deg ned på kne ved sida av den medvitslause.
  • Legg den næraste armen til personen opp ved sida av hovudet.
  • Legg deretter den bortaste armen til personen over brystet.
  • Dra deretter kneet som er lengst frå deg, opp i ein vinkel.
  • Hald i skuldrene og kneet som er lengst frå deg, og rull personen mot deg.
  • Når du har fått lagt den medvitslause over på sida, trekk hovudet lett bakover. Luftvegane til personen vil då vere opne. Øvste handa blir lagd under hovudet for å støtte dette, mens den fremre handa blir lagd framfor personen.
  • Nedste bein ligg rett ut, mens det øvste skal vere bøygd.
  • Sjekk at personen ligg stabilt, juster armar og bein viss det er naudsynt.
  • Ikkje gå frå personen, tilstanden kan raskt endre seg. Følg med på om personen framleis har frie luftvegar, og at vedkommande pustar, heilt til hjelpa kjem.

Kjelder

Hvordan utføre sideleie? (2018). I T. Johannessen (red.), Norsk Helseinformatikk. Henta 19. november 2019 frå https://nhi.no/forstehjelp/ulykke/sideleie/

Sideleie. (2018). I I. Johansen og J. Blinkenberg (red.), Legevakthåndboken (6. utgåve). Henta 16. november 2019 frå https://www.lvh.no/naar_det_haster/praktiske_ferdigheter/leiring_og_stabilisering/sideleie

CC BY-SASkrive av Ellen Marie Myhre Dahl og Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 09.01.2020

Læringsressursar

Førstehjelp