Hopp til innhald

Fagstoff

Lagerstyring

Vi kan definere lager som «ei samling varer eller einingar innanfor eit avgrensa område for oppbevaring i kortare eller lengre tid». No skal vi sjå på kva for nokre kostnader som oppstår når vi har varer på lager.
Elektrisk truck. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Å vente på tur

For de aller fleste ledda i verdikjeda finn vi opptil fleire lager. Det betyr at vara ikkje har nådd målet sitt eller utført den endelege oppgåva si. Ho ligg av ein eller annan grunn og ventar på å komme vidare.

I ein ideell situasjon ville vi kanskje ha klart oss utan lager. Då ville alle varene ha kome inn akkurat då vi trong dei, og dei ville ha oppfylt oppgåva si utan å krevje plass, binde opp pengar eller krevje arbeidskraft. Vi skal no sjå på ulike grunnar til at det ikkje er mogleg.

Dei viktigaste kostnadene knytte til lagring er:

Kapitalbinding

Kapitalbinding betyr at verdien av det som ligg på lager, må dekkjast av anten eigenkapital eller gjeld. Om du driv butikk og har varer for ein million kroner liggjande på lager, er kanskje dette lånte pengar som gir deg ein ekstra årleg kostnad på mellom 50 000 og 100 000 kroner.

Avskriving og svinn

Avskriving og svinn betyr at varelageret stadig blir mindre verdt. Nokon varer blir skadde, og nokon blir ikkje lenger etterspurde og blir derfor verande på lageret til du kastar dei. Denne kostnaden er ofte endå høgare enn kapitalkostnaden – lat oss bruke 200 000 kroner som eit døme.

Driftskostnader

Materiell, bygningar, personell og utstyr varierer med type vare og bedrift. I dei aller fleste tilfella er dette omfattande kostnader. Om vi held fram med å bruke svært forsiktige tal, er det vanskeleg å komme under 200 000 for eit lager med ein verdi på ein million kroner.

Dømet viser både dei viktigaste kostnadene og summen som i vårt tilfelle blei på om lag ein halv million kroner i året. Moderne produksjonsplanlegging handlar mellom anna om å halde ulike lager på eit minimumsnivå. På neste side skal vi sjå nærmare på ulike typar lager.

CC BY-SASkrive av Morten Gunnar Plassen.
Sist fagleg oppdatert 22.03.2018

Læringsressursar

Vareflyt