Hopp til innhald

Fagstoff

Verdikjeda

Omgrepet «verdikjede» kan brukast om prosessen frå råvare og fram til det ferdige produktet som kan seljast til sluttbrukar. Her får du ei innføring i kva ei verdikjede er.
Fiskebåt i ein fjord. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Verdikjede

Stort sett skjer produksjon ved at ei bedrift leverer varer til ei anna bedrift som anten lagar ei ferdigvare for sal eller tilarbeider råvara vidare. Vi kallar dette ei produksjonskjede. Fleire bedrifter er gjerne også involverte med å transportere, lagre og overføre mellom kvart enkelt ledd og utgjer ei distribusjonskjede. Vi kallar heile dette samarbeidet for ei verdikjede.Vi skal sjå på nokre døme der ulike bedrifter finn sin unike plass i ei slik verdikjede. Vi skal også sjå litt meir på korleis ei bedrift kan tene meir pengar på å skape større verdiar i verdikjeda.

Ei kjede av bedrifter

Mange varer eller produkt som er nødvendige for å gjere andre varer eller produkt ferdige, kallar vi komponentar. Når fleire bedrifter tek del i ein slik prosess, kallar vi dei ei bedriftskjede eller ei verdikjede. Verdikjeda består av produksjon, samanstilling av komponentar og distribusjon. Når vi snakkar om verdikjede ut frå eit distribusjonsperspektiv, kallar vi det ei distribusjonskjede. Ut frå eit produksjonsperspektiv kallar vi det gjerne ei produksjonskjede. Kjært barn har mange namn – også her, men felles er at kvart ledd i kjeda tilfører ein meirverdi anten i form av fysisk endring mot ferdig produkt eller transport til neste ledd i kjeda. Slik blir omgrepet verdikjede ei god skildring av utviklinga frå idé, design, marknadsføring, råvare via komponentar til ferdig produksjon, sal, leveranse til kunde, vedlikehald og til slutt attvinning.

Fisk i Øksnes kommune

Måten ein tilarbeider råvarer eller komponentar på, varierer sjølvsagt, men felles for alle bedrifter er at dei medverkar til å gjere vara meir verdifull. Denne verdiauken er det økonomiske grunnlaget for at bedrifta kan eksistere. Lat oss ta eit par døme:

I Øksnes kommune i Vesterålen finn vi Myre Fiskemottak som tek imot fisk frå norske og utanlandske fiskebåtar. Fiskemottaket tilarbeider fisken og sel han vidare. Kundane kan vere andre bedrifter som lagar fiskepinnar eller filetar til butikkjedene, og bedrifter som sel fersk fisk vidare til restaurantar i inn- og utland. Transporten til fiskemottaket skjer vanlegvis med vogntog eller båt. Ein liten del av den mest eksklusive fisken blir også send vidare med fly.

Distribusjon og tilarbeidingsgrad

Distribusjon utgjer ein viktig del av verdikjeda. Tradisjonelt har distribusjon knytt til råvaretilgang vore avgjerande for kvar ein har plassert bedrifter. Fiskemottak blei plassert ved dei store fiskefelta, sagbruk ved sentrale skogsområde, smelteverk nær dei store kraftverka og meieri nær landbruksbygdene. I nyare tid har dette biletet endra seg noko, sidan mange bedrifter har fått større marknader, høgare spesialiseringsgrad og større utfordringar knytt til det å skaffe seg kvalifisert arbeidskraft.

Myre Fiskemottak

Om Myre Fiskemottak nøyer seg med å ta imot den ferske fisken og sende han direkte til andre bedrifter, har dei ein låg grad av tilarbeiding. Det betyr at den meirverdien dei fører til produktet, er ganske liten. Så lenge det er god tilgang på fisk, kan det vere greitt å drive på denne måten. Om fiskemottaket vil tene meir pengar og ikkje har uavgrensa tilgang på fisk, kan dei auke graden av tilarbeiding. Det betyr at dei sjølve tek ein større del av jobben med å få til eit sluttprodukt som marknaden er villig til å betale ein god pris for. Filetering, salting, pakking eller tørking kan vere nokre slike grep. Å skape nye merkevarer og marknadsføre desse kan mangedoble verdien på råvara.

Fleire bedrifter utgjer ei verdikjede

  1. Fiskaren leverer produktet sitt, fiskeråstoff, til ei fiskeindustribedrift på land.
  2. I fiskeindustribedrifta blir råstoffet filetert gjennom fleire prosessar.
  3. Den ferdige fiskefileten blir pakka i kassar.
  4. Fiskeprodukta blir deretter transporterte av eit eige firma som har spesialisert seg på transport.

Relatert innhald

No skal du jobbe med verdikjeden til en Grandiosa - pizza. Om du ikkje kjenner ein Grandiosa-ekspert, blir Internett den viktigaste informasjonskjelda di.

CC BY-SASkrive av Morten Gunnar Plassen.
Sist fagleg oppdatert 12.12.2017

Læringsressursar

Vareflyt