Hopp til innhald

Fagstoff

Skyvelære

Skyvelæra er eit nødvendig verktøy for å ta nøyaktige mål. Ho måler utvendig, innvendig, breidd og djupn, og målenøyaktigheita for ei skyvelære med 20-delt nonieskala er 0,05 millimeter. Det finst òg alternativ med digital avlesing. Det gjer målinga endå meir nøyaktig.

Praktisk bruk av skyvelære

Skyvelæra består av knivforma målespissar til innvendig måling og ein rørleg skyvar med ein strekskala som vi kallar nonieskala. Det er ein strekskala til å lesa av tidelar på. Du finn òg ei målestong som blir brukt til djupnemåling. Det er viktig at du lærer å bruke skyvelæra rett, slik at du får utført korrekt måling av aktuelle detaljar.

Pass på:

  • Skyvelæra skal berre brukast til måling og ikkje som hammar eller til å merkje opp linjer og sirklar med.
  • Du må ikkje måle på roterande delar.
  • Kontroller at skyvelæra måler riktig (på passbitar).

Avlesing av nonieskala

Nonieskalaen er den vesle skalaen på den rørlege delen av skyvelæra. Avlesinga skjer ved at du først les av talet i heile millimeter over 0 på nonieskalaen, så tel du talet på delstrekar på nonien til du finn streken som står rett under ein millimeterstrek på den faste delen. Bruk videoen på denne sida for å lære deg å lese av skyvelæra.

Typar av skyvelærer

Det finst eit stort utval av skyvelærer som er tilpassa bestemte måleoppgåver. I dag er det vanleg å bruke digitale skyvelærer. Slike skyvelærer kan måle med ei grannsemd ned til 1/1000-dels millimeter (brøk), eller 0,001mm (desimaltal).

Digital skyvelære. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Industriskolen og Haldor Hove.
Sist fagleg oppdatert 04.09.2018

Læringsressursar

Grunnleggjande omgrep og samanhengar