Hopp til innhald

Fagstoff

Kvifor drama i barne- og ungdomsarbeid?

Dramafaget krev at ein tek i bruk fleire sider ved seg sjølv samtidig. Slik er dramafaget med på å utvikle heile personlegdommen, heile mennesket. Mange dramaøvingar krev konsentrasjon. I tillegg tek ein ofte i bruk fleire av dei fem sansane (høyre, sjå, føle, smake, lukte). Ein blir trena i å ta i bruk og bli klar over kroppsspråket og å snakke framfor andre.
Elever som leker teater i klassesituasjon. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Personleg utvikling i drama

Mange dramaaktivitetar krev samhandling og samarbeid med andre. I dramafaget tek vi ofte for oss tematikk som krev at ein reflekterer over korleis ein sjølv ville handla i ein gitt situasjon. Dermed utviklar vi oss òg personleg i dramafaget.

Viktigast er det kanskje at dramafaget trenar det som blir kalla empati. Dramafaget er å late som ein er ein annan, å gå inn i ei rolle. For å kunne gjere det må ein ha evna til å sjå for seg korleis ein annan enn ein sjølv ville opplevd ein situasjon. Empati er kanskje den viktigaste eigenskapen verda treng i dag. Utan å kunne leve seg inn i ein annan sin situasjon, ser ein ikkje behovet for, og får heller ikkje lyst til, å vere med på å hjelpe dei. I dramafaget trenar vi denne empatien heile tida.

Kreativitet

For å kunne leve seg inn i ein oppdikta situasjon, må ein bruke fantasien for å sjå føre seg situasjonen og sjå føre seg korleis personen ein speler, ville ha reagert: Kva hadde rollefiguren din gjort og sagt? Difor er kreativitet ein viktig eigenskap i drama. Mange menneske, både vaksne og barn, blir fort litt skremde når dei blir bedne om å vere kreative. Kanskje du som barne- og ungdomsarbeidar òg tenkjer at du ikkje er kreativ nok til å halde på med drama.

Det første du må vite om kreativitet, er at det er ei ferdigheit som kan trenast. Det er lett å tenkje at nokre menneske berre er kreative, mens andre ikkje er det. Det stemmer ikkje. Kreativiteten kan trenast opp og øvast på. For å vere kreativ må ein ha ei evne til å kunne sjå føre seg ting som ikkje er verkelege. Denne evna blir kalla førestellingsevne, eller rett og slett fantasi, dette blir trena heile tida i dramafaget, i og med at ein heile tida ser føre seg personar og situasjonar som ikkje er verkelege.

I det heile er det å vere kreativ mykje av det same som å løyse problem. Ein definisjon på kreativitet kan vere «evne til å fantasere, førestelle seg og utvikle nye idear». Ein kreativ prosess kan definerast som «ein skapande og konstruktiv prosess som løyser problem på ein ny måte» [1]. Difor er også kreativitet ein eigenskap som blir etterlyst meir og meir. Med dei utfordringane verda står overfor i dag, treng vi kreative menneske som kan sjå og oppdage nye løysingar på problem.

Dramatisering av daglege problemstillingar

Ved hjelp av drama kan ein bearbeide problemstillingar og tema som deltakarane er opptekne av. Dersom ein for eksempel i barnehagen gjennomfører eit spel om eventyret «Gullhår», der Gullhår må trøystast, kan ein etterpå reflektere over det å trenge trøyst, kva som trøystar og så vidare.

Tilsvarande kan ein gjennomføre eit spel om mobbing i litt eldre aldersgrupper. Spelet fører til at ein kan få innsikt i kva det er som gjer at nokre mobbar, eller korleis det blir opplevd for han som blir mobba. Det er viktig at det temaet ein jobbar med, er noko som vedkjem deltakarane. Difor er det òg viktig med ei engasjerande byrjing på arbeidet.

Grovt sett kan vi skilje mellom tre hovudmåtar å lære på: den auditive, den visuelle og den kinestetiske. Dei som lærer auditivt, liker å høyre. Dei som lærer visuelt, liker å sjå. Dei som lærer kinestetisk, liker å gjere. Eit gammalt kinesisk ordtak seier: «Det eg høyrer, gløymer eg. Det eg ser, hugsar eg. Det eg gjer, forstår eg.»

Empati er evna til å leve seg inn i ein annan sin situasjon, å setje seg inn i korleis ein annan opplever ein situasjon.

Utfordringar til deg

  1. Kva for sider av deg sjølv tek du i bruk når du dramatiserer?
  2. Kva for eigenskapar kan du trene opp ved å dramatisere?
  3. Kva er empati?
  4. Korleis kan dramafaget vere med på å trene opp empati?
  5. Kva er kreativitet, og kva for samanheng er det mellom drama og kreativitet?
  6. Korleis kan ein trene opp kreativiteten?
CC BY-SASkrive av Landslaget Drama i skolen (LDS) v/ Mette Nyheim , Guri Bente Hårberg og Gro Nedberg Grønlid.
Sist fagleg oppdatert 29.01.2019

Læringsressursar

Drama